Trass konkurskrav har Miris framleis tru på datatårnet på Bryne
Det nyskapande teknologitårnet på Bryne skulle bli bygd i år. Lite har skjedd. Selskapet Miris skuldar på pandemien.
Selskapet Miris har fleire prestisjeprosjekt i porteføljen. Investorar i hotellprosjektet Svart vil slå Miris konkurs.
– Det har vore ei einsidig, negativ merksemd som eg ikkje ønsker å bruka noko meir tid på. No gjer me prosjekta våre, og så får med dømast ut frå det etterpå. Det er ikkje tvil om at det er tøffe tider, seier Jan-Gunnar Mathisen, leiar av Miris, om sakene som er blitt skrivne om dei den siste tida.
Han lovar å jobba på spreng for at tårnet på Bryne skal bli realisert.
Leiv Vårdal er dagleg leiar i stiftinga Jærtek som eig eigedommen på Bryne.
– Me held kanskje strammare i taumane enn me ville ha gjort med andre aktørar, seier han om Miris-prosjektet.
Flere artikler
Lokalmat-gründerar: – Historia til maten blir meir og meir viktig
Veit ikkje kor mykje klimavenlege byggeplassar vil kosta kommunen
– Eg har tenkt på olja. Men alle gjer jo det
Her møtest oljeleverandørane for å bli grønare
Høge prisar på kraftfôr og kunstgjødsel betyr ingenting for denne bonden
Oljebasane skal kutta utslepp: – Eitt skip svarer til fem-seks ferjer