Monstermaster, månelanding og mageplask
Å bygga ut master i Hardanger er eit inngrep i naturen som ikkje kan reverserast, skriver E24-spaltist Arne Hjeltnes.
- Arne HjeltnesJournalist
Energipolitikken har vore ein av dei felt Noreg verkeleg har utmerka seg. Frå Birkeland og Eyde og Jens Evensen & co. til Statkraft som stor aktør i på fornybar energi verda over.
Noreg har vore leiande på kompetanse og ikkje minst politisk styring av denne avgjerande sektoren. Me har vore gode.
Men no raknar det fullstendig.
Energipolitikken har vorte opportunistisk
Det som før var eit nasjonalt prosjekt, har vorte eit politisk spel full av løynde agendaer og udemokratiske krumspring.
Å bygga ut master i Hardanger er eit inngrep i naturen som ikkje kan reverserast.
Viss det verkeleg var for å få fram kraft, slik me har bygd forsyning mange stader opp gjennom tidene, hadde det vore ein pris ein moderne nasjon kanskje må betala?
Men me kan telja på ei hand dei som verkeleg trur at mastene kjem fordi Bergen treng straum. Bergen har straum. To linjer forsyner byen og gasskrafta er der i reserve.
Dei såkalla ekspertutvala fekk ikkje lov til å undersøka sjølve fundamentet for avgjerda; om det verkeleg var behov for meir straum i Bergen.
Framfor seg dyttar ein folks frykt for høge straumprisar og forsyningsspøkelse.
Viktige energipolitiske avgjerder er delegert utafor våre folkevalde organ og vert freista lirka ut i fellesferien eller under Ski VM, fordi det eigentleg ikkje tåler dagens ljos.
Miljøorganisasjonane, som sit heime hjå miljøvernministeren og er nærare han enn Stortinget, har ofra naturvern for den sinnsjuke ideen om å laga elektriske oljeplattformar. Kanskje vil det kosta 70 milliardar, sikkert meir.
Utlendingar som tidlegare såg til oss i energispørsmål, trur det har rabla for oss.
Trur me verkeleg at klimaeffekten av olja og gassen vår vert borte, fordi me tar den opp elektrisk?
Det er som å vera avhaldsmann og spritsmuglar på same tid.
Gassreinsinga er eit spel for seg sjølv. Milliardar er brukt og ekstra milliardar vert pøsa inn. På sidelinja står ekspertar som Sargas og Siemens som kan gjera dette rimelegare og raskare, men får ikkje sleppa til av politiske prestisje årsaker.
Eller andre agendaer me ikkje får vita om, kva veit eg?
SINTEF meiner me kan skrinlegga Mongstad prosjektet, men lekfolk (les: politikarar) turar fram som nyfrelste ekspertar på komplisert teknologi.
I gamle dagar var energipolitikken bygd på nettopp kompetanse og samspel mellom god politisk styring og fagfolk.
SV sin «siger» i mastesaka, er at framtidige utbyggingsprosjekt skal få betre sakshandsaming.
Eit stort steg for naturvernet.
Det blir som at bistanden vår til Afghanistan (om lag 4.5 milliardar) som internasjonale ekspertar meiner stort sett forsvinn i korrupsjon, no skal evaluerast.
I ettertid!!
Og så skal alvorstunge politikarar seia, når rapporten føreligg om nokre månader; «Ja, no har me lært. Slik skal me ikkje gjera det lenger».
Viss ikkje Ola Borten Moe er ein Snåsamann, såp kjem energipolitikken frå 2000-talet til å verta hardt dømt av ettertida.
Det er diverre der etterpåklokskapen bur.
Men då står mastene der.
Og då er det kasta milliardar ut i Nordsjøen.