SORIA MORIA II: Idyllen herska i fjor haust, da regjeringa vart skipa.

Kjerringer mot strømmen?

Eg trudde me hadde ei raudgrøn regjering, men i går talte eg i alle fall tre.

Publisert:
Dette er en kronikk
Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning.

Saka om monstermastene i Hardanger har verkeleg utvikla seg til ein politisk farse. Ikkje berre om den håplause saksgangen, men og kva slags styresett landet vårt har. Er det ei eller to eller tre raudgrøne regjeringar?

Arbeidarpartiregjeringa som står fast på vedtak om kraftliner. Ei SV-regjeringa som alltid er imot upoplære vedtak. Og ei SP-regjering som får skulda for mastestyret, men som i går var både for og imot.

For ikkje å snakka om den SV-SP regjeringa som er imot oljeboringa i Lofoten

Forvirra? Kanskje ikkje så rart.

Ifølge Wikipedia er definisjonen på ei regjering:

"Eit råd underlagt statssjefen i ein stat,som har til formål å utføra det politiske styret."

Det har me iallfall ikkje.

Kristin og Liv Signe virkar ikkje særleg underlagt

Me kan trygt slå fast at Kristin og Liv Signe ikkje virkar særleg underlagt.

I den upoplære mastesaka skuldar Kristin på Liv Signe.

Master, nei, det er det Senterpartiet som vil ha.

Og masteminister Terje Riis Johansen har ikkje tatt noko avgjerd om master. Det er det NVE som har gjort.

Jens har gått under jorda og vil senda Schjøtt-Pedersen til sinte hardingar.

Miljøvernminister Erik Solheim er på andre sida av kloden og reddar heilt andre miljø enn det som er i Hardanger.

Bergensarane som kraftlinja skal byggast for, har allereie to linjer, og kraft i reserve i gasskraftverket på Mongstad, fortel dei eigentlege ekspertane. SINTEF slår fast at kablar slett ikkje er noko problem.

Det er altså ingen som eigentleg vil ha desse mastene.

Kanskje bortsett frå dei som vakar i kulissane og vil ha elektriske oljeplattformar til 60 – 70 milliardar kroner, slik at folk i Europa skal

senda gassen ut i lufta i staden for oss.

Det er ikkje rart at folk både i og utafor regjeringane våre vert forvirra.

Opposisjonen på Stortinget treng i alle fall ikkje koma att frå ferie.

Her er det opposisjon nok til alle innafor huset sine fire veggar.

Eg trur folk på Vestlandet kan ta det med ro.

Master vert det nok ikkje, sjølv om spenninga framleis er stor, frå dag til dag.

Ein kvar svakstrømselektrikar veit at når spenninga er for stor, vert det kortslutning.

Publisert: