Høgre fryktar for valfridomen i butikkhyllene etter Q-kutt

Q-meieriene protesterer høglydt mot kutt i støtte. No får dei støtte av Høgre.

Aftenbladet/E24 møtte tidlegare i haust Kristine Aasheim og Bent Myrdahl i Q-meieriene i det nye meieriet på Jæren som snart skal bli tatt i bruk.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

5. oktober fekk Q-meieriene vita at dei ikkje lenger kjem til å få distribusjonstilskot. Ifølgje Q-meieriene utgjer dette tilskotet 50 millionar kroner i året for deira del. Tilskotet er eitt av tiltaka som skal fremma konkurranse blant norske meieri (sjå faktaboks).

Les også

Q-meieriet: – Vedtaket kom som eit snøskred

– Valfridom i fare

Margret Hagerup (H), stortingsrepresentant frå Rogaland, fryktar at kuttet kan vera starten på slutten for Q-meieriet på Jæren.

– Ikkje berre er arbeidsplassane viktige for oss, men for forbrukaren er det best å ha billig mjølk og ost, og at ein kan velja. Den valfridomen står nå i fare for å forsvinna, skriv ho til Aftenbladet/E24.

For å få tilskotet må eit meieri ha vesentleg høgare kostnadar til distribusjon enn Tine. Landbruksdirektoratet skal bruka skjønn for å finna ut om kravet er oppfylt. Tilskotet blei kutta fordi direktoratet meinte kravet ikkje lenger er oppfylt.

Q-meieriene hevdar på si side at dei strukturelle ulempene som gjer distribusjonen dyrare for dei, er uendra.

Stortingsrepresentantane Margret Hagerup og Lene Westgaard-Halle, begge frå Høgre, er bekymra for framtida til Q-meieriene.

Forbrukarrådet trur meieriprodukt kan bli dyrare og at utvalet i butikkhyllene kan bli dårlegare som på grunn av kuttet. Q-meieriet har varsla at dei må setja opp prisen på produkta sine som ei følgje av vedtaket.

Tine meiner derimot at prisen kan bli lågare dersom ein fjernar distribusjonsstøtta, fordi støtta er finansiert av meieria sjølve.

Hagerup deler bekymringa til Forbrukarrådet. Ho meiner det vil vera konkurransevridande å fjerna støtta.

– Me har ein del tiltak som skal skapa konkurranse fordi Tine er så store og har enkelte stordriftsfordelar. Utan Q-meieriene kan me enda opp med ein monopolsituasjon, hevdar Hagerup og legg til at ho også er glad i Tine, men at ho meiner dei treng konkurranse.

Tema i Stortinget

Q-meieriene har klaga på vedtaket, og klaga er no til behandling. Rørosmeieriet har også klaga på kuttet.

Lene Westgaard-Halle frå Høgre, tok opp kuttet som rammar Tine-utfordrarane under spørjetimen på Stortinget på onsdag.

Her hevdar ho at Senterpartiet har vore tydelege på at dei ønsker mindre konkurranse i delar av daglegvaremarknaden.

– Arbeidsplassar i distrikta står i fare for å bli sentraliserte som ein konsekvens av at Rørosmeieriet og Q-meieriene ikkje lenger skal få distribusjonstilskot, hevda ho, og spurte om statsråden ville setja vedtaket på pause fram til klagesaka er ferdig behandla.

Regjeringa vil vurdera konkurransetiltaka

Statsråd Ola Borten Moe (Sp), som svarte på vegner av mat- og landbruksminister Sandra Borch frå same parti, slo fast at Senterpartiet er tilhengarar av konkurranse.

Han meiner derimot ikkje ein skal ta for gitt at dagens konkurransefremmande tiltak er det som sikrar konkurransen best. Etter 15 år med desse tiltaka, meiner regjeringa at tida er komen for å gradvis fasen ut desse ordningane frå prisutjamningsordninga. Men før dette skjer, skal regjeringa gå grundig gjennom ordningane.

Q-meieriene har tidlegare sagt at dei er opne for å vurdera heile prisutjamningsordninga for mjølk for å sikra at ho fungerer best mogleg. Men dei reagerer på at dei mistar distribusjonstilskotet utan at heilskapen er vurdert.

Når det gjeld distribusjonstilskotet, isolert sett, viser Borten Moe til at det er opp til Landbruksdirektoratet å vurdera om vilkåret for å få støtta er oppfylt.

Westgaard-Halle spurte vidare om statsråden meiner Forbrukarrådet tar feil. Her svarte Borten-Moe at tilskotet blir behandla etter det same regelverket som den førre regjeringa styrte etter.

Klagen frå meieria kan koma til å hamna hos departementet etter at Landbruksdirektoratet har behandla han.

Les også

Tine vil kutte konkurrentenes støtteordninger: – Lite seriøst

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Meieri
  2. Margret Hagerup
  3. Landbruksdirektoratet
  4. Konkurranse
  5. Jæren
  6. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Q-meieriene hevdar dei blir motarbeidde av Bondelaget

  2. Q-meieriene frykter for eksistensen etter tilskuddskutt: – Tine prøver å skvise oss ut

  3. Betalt innhold

    Presten som ble mangemillionær «over natten»

  4. Betalt innhold

    Julebord avlyst: – Frykter fortsettelsen

  5. Forbrukerrådet tror konkurransen i meierimarkedet kan bli dårligere