Jon Ingemundsen / Stavanger Aftenblad Bøndene slit med uvanleg høge utgifter.
Men maten vår blir ikkje brått dyrare av den grunn.
Kvifor ikkje?
Jon Ingemundsen / Stavanger Aftenblad Hos Nortura handlar det om maksprisar som blir fastsette ein gong i halvåret.
No ber styreleiaren om ein naudventil for å kunna møta dei galopperande kostnadane.
For mjølk, frukt og grønt, blir det sett ei maksgrense ein gong i året.
Dessutan har konkurransen frå import mykje å seia.
Med andre ord: Svaret på spørsmålet er komplisert. Les vidare for å bli litt klokare.
Galopperande kostnadar hos bøndene gjer at Nortura ber om naudventil for å setja opp prisane.
Kunstgjødsel, straum, diesel, kraftfôr. Alt står på lista over det bønder treng for å produsera mat til oss, og alt står på lista over ting som er blitt vesentleg dyrare.
Vil me då måtta betala meir for norskproduserte matvarer i butikken?
– Me er nøydde til å få betre betalt, men det er ikkje dermed sagt at me får det, seier leiaren av Grøntprodusentenes Samarbeidsråd.