Sjeføkonom overraska over låg oljepengebruk

Konjunkturbarometeret til SR-bank vitnar om låge forventningar til 2021 i delar av næringslivet.

Sjeføkonom i SR-bank, Kyrre M. Knudsen, legg med jamne mellomrom fram konjunkturbarometer. Her er han under framlegginga i januar, då tala hans var baserte på ei verd utan ein koronapandemi.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Tysdag la SR-Bank fram konjunkturbarometeret for Sør-Noreg. Barometeret er eit resultat av at dei har spurt rundt 600 bedrifter om kva forventningar dei har til dei neste tre og tolv månadane.

SR-Bank konkluderer med at forventningane for 2021 er låge, men at det komande året kan bli prega av store forskjellar mellom ulike næringar. I sum har hovudindeksen stige frå 44 i mai, til 50 no i oktober. Dette tydar på at del av bedriftene opplever at dei har gått frå ein kraftig nedgang til ei nøytral utvikling, ifølgje banken.

Barometeret avdekker dessutan geografiske forskjellar. I Oslo-området og Agder ventar bedriftene ei lita betring, medan ein i Vestland og Rogaland trur at aktiviteten vil falla.

Ber om høgare oljepengebruk

Sjeføkonom i SR-bank, Kyrre M. Knudsen, meiner funna står i kontrast til dei meir optimistiske forventningane til regjeringa. Valet i USA, Brexit og pandemien bidreg til å gjera bedriftene usikre på framtida, hevdar han.

I vekesoppdateringa frå banken set Knudsen tendensane i barometeret opp mot forslaget til statsbudsjett. Her skildrar han oljepengebruken som overraskande låg.

«Det er pt nær 100,000 fleire arbeidsledige enn før korona. Noregs Bank anslår i siste rapport at veksttakten i norsk økonomi nå nærmar seg null (etter å ha vore på 4 % i sommar) og at bedriftene ventar nær uendra sysselsetting», skriv Knudsen.

Han viser til at regjeringa foreslår å bruka tre prosent av oljefondet i 2021, mot 3,9 prosent i år. Økonomen tar til orde for at bruken bør vera høgare også neste år, då han meiner dette vil bidra til meir aktivitet i næringslivet og fleire arbeidsplassar.

Moreld: – Forsiktig optimisme

Ifølgje barometeret er optimismen størst innan varehandel, industri, bygg og anlegg. Dei mest pessimistiske bedriftene er blant dei som får mest inntekter frå olje- og gassindustrien. Berre 36 prosent av oljebedriftene ventar oppgang i talet på ordrar.

Industrikonsernet Moreld er hovudsakleg inne i olje- og gassnæringa, men satsar også i nye næringar.

– Me ser med forsiktig optimisme på 2021. Spesielt ser me ei positiv utvikling innan berekraftige område. Olje- og gassmarknaden er komen litt tilbake, sjølv om me ikkje er tilbake på nivået me såg i 2019 endå, seier dagleg leiar Geir Austigard.

Han har tru på at mange av marknadane Moreld er involvert i, vil utvikla seg bra.

– Dette gjeld blant anna elektrifisering av ferjer og flytande havvind. Innan olje og gass er bildet delt. Når det gjeld modifikasjonar og mindre prosjekt, er det god aktivitet for oss.

Om Austigard kunne fått endra statsbudsjettet, ville han ha satsa meir på teknologi- og kompetanseutvikling.

– Ein bør bruka meir på innovasjon for å bygga ei framtid for AS Noreg. Ein burde tildelt endå meir midlar til verkemiddelapparatetet for å gjera innovasjon endå meir gunstig for bedriftene. Dessutan kunne ein satsa endå meir på initiativ rundt internasjonalisering.

Geir Austigard leiar Moreld-konsernet. Bildet er tatt då han framleis var leiar av Øgland System, der han slutta i sommar.

Jon Ingemundsen
Les også

IEA anslår at oljeetterspørselen vil toppe seg

Oppseiingar

Forventningane til Morten Larsen, regionleiar i Fellesforbundet Sør-Vest, er prega av at fagforeininga begynner å få inn oppseiingar frå kantinar, restaurant og hotell.

– Me har også personell på flyplassar som vil få utfordringar framover, seier han.

Der han derimot får rapportar om at det er behov for fleire folk, er i industrien.

– Det ser ein blant anna knytt til produksjonen av Martin Linge og ute i Nordsjøen. Dei støvsugar marknaden for folk fordi coviden gjer at det er vanskeleg å få tak i folk frå utlandet.

Larsen er tydeleg på kva han ville ha gjort for å styrka sysselsettinga.

– I staden for å bruka meir oljepengar, kan me heller ha formuesskatt slik at ein får fordelt pengane annleis.

Han gjev regjeringa skryt for at dei vil satsa på karbonfangst og lagring.

– Det er eitt av dei største prosjekta me bør ha, og det kan skapa mange arbeidsplassar. Men dei burde også satsa meir på havvind og alternativ energi.

Morten Larsen i Fellesforbundet ventar at fleire permitteringar vil bli til oppseiingar den komande tida.

Pål Christensen
Les på E24+

Nav opprettar eige kontor på Gardermoen etter masseoppsigelser

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. Økonomi
  2. Fellesforbundet
  3. SR Bank

Flere artikler

  1. Ny rapport: Havvind for nær 85 milliardar i 2050

  2. Ny rapport: Rekordvekst for fornybar energi

  3. Havvind-leiar: – Me er eit nisselueland

  4. Annonsørinnhold

  5. SV hevdar regjeringa ikkje følgjer opp stortingsvedtak

  6. Betalt innhold

    Over 200 norske selskap hadde havvind-inntekter i fjor