Dyr energi og dyr mat: – Historisk eksplosiv kombinasjon

Fleire ting talar for at me må førebu oss på dyrare mat. Høge matprisar har tidlegare vore med på å utløysa politiske opprør.

Det nærmar seg vår, og då vil ein igjen kunna sjå dette synet på Jæren. Men blir årets produksjon like stor som vanleg?
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

I Norge slit bøndene med kostnadsauke på blant anna energi og kunstgjødsel.

Kostnadane som svir for norske bønder, er ikkje unike for Norge. Kva får me sjå om me zoomar ut?

– Kombinasjonen av høge energiprisar og høge matprisar er historisk eksplosiv, seier Christian Anton Smedshaug, fyrsteamanuensis ved NMBU.

Les også

Fryktar redusert matproduksjon: – Kostnadane har stige enormt

Les også

Strømstøtten til bøndene er klar

Auka matvareprisar var blant årsakene til at Sjasminrevolusjonen blei utløyst i Tunisia i 2010. Dette blei starten på den arabiske våren som breidde seg til fleire land i regionen.

– I mange land med låg kjøpekraft bruker folk vanlegvis 40 til 50 prosent av inntekta på mat og energi. Stig prisane, blir det fort ein desperat situasjon om ikkje styresmaktene grip inn med subsidiar, seier Smedshaug.

Han er til vanleg dagleg leiar i AgriAnalyse, men han er i permisjon fordi han er inne i eit kort vikariat som statssekretær i Klima- og miljødepartementet for Senterpartiet. Premissen for intervjuet er at me ikkje skal snakka om norsk landbrukspolitikk, men at me skal sjå landbruket i eit globalt perspektiv slik han kjenner det som fagperson.

– Globalt er det knapp balanse mellom produksjon og etterspørsel av mat. I fjor var produksjonen litt lågare enn etterspørselen, seier Smedshaug

Christian Anton Smedshaug fortel at det ikkje skal meir til enn eit veldig lite underskot på mat før prisane stig mykje.

Ein grunn til at landbruket er særleg sårbart for høge energiprisar, er at gass er viktig i produksjonen av nitrogen til kunstgjødsel. Om bøndene ikkje tilfører jorda nitrogen, kan ein få opp mot ei halvering av avlingane, fortel Smedshaug.

– I tillegg til at gassprisen er høg, har Kina stoppa eksporten av nitrogen og mineralgjødsel fram til juni fordi dei har ein gjennomgang av eigen produksjon for å ta ut den mest forureinande delen. Russland har også varsla lågare eksport av nitrogen, og dei har samstundes innført eksportkvote på kveite.

Les på E24+

Bøndene slit med uvanleg høge utgifter. Men maten vår blir ikkje brått dyrare av den grunn

Les på E24+

Høge prisar på kraftfôr og kunstgjødsel betyr ingenting for denne bonden

Dyrare i nord, knapt i sør

Smedshaug fryktar at bønder i nord vil tilpassa seg dei høge kostnadane ved å redusera produksjonen.

– Bønder i sør vil truleg mangla innsatsfaktorar som mineralgjødsel og kan derfor stå framfor eit produksjonsfall. Dermed kan det ligga an til høgare matprisar i nord og knapt med mat i sør, seier Smedshaug.

Han meiner det er vanskeleg å sjå at utfordringane lar seg løysa på kort sikt. Fleire faktorar speler inn og gjer matvaresituasjonen usikker.

– Korona forsterkar tendensane og forseinkar alle prosessar. I delar av systemet er det dessutan mangel på arbeidskraft. Det tar tid å bygga opp ny kapasitet og fylla opp lager i heile verdikjeda. Det ser ut som om ein nokre år framover vil sjå eit noko høgare prisnivå.

Norge har foreløpig ikkje noko beredskapslager for korn, men det står i Hurdalsplattforma at regjeringa ønsker å etablera eit.

– Internasjonalt er det truleg rundt 800 millionar tonn korn på lager. Dette er knapt 30 prosent av årleg forbruk. Men dette er berre eit anslag. Mykje av dette ligg i Kina, og ein veit ikkje kor tilgjengeleg dette vil vera i ei mogleg krise.

Smedshaug oppfordrar det internasjonale samfunnet til å retta blikket mot land i sør, særleg gjennom matvareprogrammet til FN.

– Me treng global utveksling av matvarer for å stabilisera dei som kjem dårlegast ut. Det kan potensielt bli krevjande til hausten.

– Risikabelt låg sjølvforsyning

Der Smedshaug på grunn av vikariatet sitt ikkje snakkar om norsk politikk, står andre friare til å gjera det.

– Norge har ei sjølvforsyning på mellom 35 og 46 prosent. Graden kjem an på korleis ein reknar. Eg meiner dette er for lågt, og på lang sikt synest eg det er ein stor risiko at me ikkje har høgare sjølvforsyningsgrad, seier Arne Sæbø, stasjonjonsleiar hos Norsk institutt for bioøkonomi på Særheim.

På Særheim forskar Arne Sæbø og kollegaane blant anna på korleis ein skal kunna produsera meir med lågare energibruk.

Både politiske forhold i verda og klimaendringar er faktorar han meiner at talar for å auka sjølvforsyninga.

– Lenger sør Europa er det etter kvart mangel på vatn og dermed fare for at avlingane går ned på grunn av dette. Klimaendringane tilseier at desse problema kan bli større, seier han.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Landbruk
  2. Matpriser
  3. Jordbruk

Flere artikler

  1. Kritiserer Sp sitt toll-utspel: – Vil auka handelslekkasjen

  2. Straumprisar blir tema i jordbruksforhandlingane

  3. Tine med utbetalingsrekord. Denne garden får 450.000 kroner

  4. Betalt innhold

    Borch vil styrka sjølvforsyninga. Då må ho overtyda desse

  5. Betalt innhold

    Bøndene slit med uvanleg høge utgifter. Men maten vår blir ikkje brått dyrare av den grunn