Sp vil ha høgare mat-toll: – Det blir bråk!
Mat kan bli dyrare. Men sjølvforsyninga kan bli sterkare. Slik resonnerer Senterpartiet når dei går inn for sterkare tollvern.
– For å auka inntektene til bøndene og for å auka sjølvforsyninga, må me styrka tollvernet, seier Geir Pollestad, stortingsrepresentant for regjeringspartiet Senterpartiet.
Han fryktar at basisvarer i norsk landbruk skal bli utkonkurrerte på pris av importerte varer.
– Problemet for mange av varene er at dei har kronetoll som ikkje lenger gir vern fordi kronebeløpet etter kvart er blitt spist opp av inflasjon.
Ein har høve til å velja mellom kronetoll og prosenttoll. Senterpartiet vil no over til meir prosenttoll som ikkje er låst til eit fast kronebeløp.
– Det var det ein gjorde med ostetollen i 2013 og som det blei så himla mykje styr om, seier Pollestad.
Då ostetoll-debatten raste, fekk Norge skarp kritikk av EU. Unionen hevda at tollendringa var proteksjonistisk, og at dette ikkje var noko EU venta seg frå «venar og naboar». Dåverande landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum sa at «det er me og ikkje Brussel som bestemmer».
Ventar bråk
Import av matvarer sørgjer for konkurranse i marknaden og bidrar til lågare prisar.
– Vil endringane du ønsker, kunna gje dyrare mat i butikken?
– Nokon varer vil kunna bli litt dyrare, vedkjenner Pollestad, som utan å setja punktum i talestraumen følgjer opp med fordelane ein vil kunna hausta om ein godtar denne ulempa.
– Det vil vera ein garanti for at det finst mat i butikken. Når det gjeld diskusjonen om sjølvforsyning, så fokuserer ein mykje på krigen i Ukraina. Men klimaendringane vil også legga press på matproduksjonen. Me er forplikta til å produsera det me kan av mat i Norge.
Toppdiplomat om krigen: – Eit sjokk i matsystemet
Ein open verdshandel gjev produsentar tilgang til nye marknadar, og forbrukarar får tilgang til eit mangfald av produkt. Proteksjonistiske grep, som toll, bremsar vareflyten over landegrenser. Verdas handelsorganisasjon (WTO) regulerer handelen mellom statar og jobbar for ein friare verdshandel med nedbygging av tollmurar.
– Innanfor WTO-reglane kan ein innføra prosenttoll. Men det blir bråk! For det er nokon som liker å selja desse varene til oss som ikkje vil få lov til å gjera det lenger, seier Pollestad.
Han meiner også at prosenttoll er innanfor dei juridiske grensene som er sett opp av EØS-avtalen.
– Norge er eit land med ekstremt opne grenser, og mat er ein av dei få tinga me har toll på. Mat er i særstilling, og då må me bruka handlingsrommet me har. Me har rett og plikt til å brødfø eiga befolkning.
Riven ost og storfe
Ifølgje Pollestad har rundt 430 tollinjer kronetoll. Ei tollinje kan vera til dømes «riven ost» eller «halv skrott av storfe». Desse to linjene og nokon sortar potet er nokon av varene han meiner at kan eigna seg for prosenttoll.
Og så vil Pollestad utvida tollen på frukt og grønt.
– Innanfor det ein kallar for norsk sesong, er tollvernet godt, men elles er tollvernet dårleg. Problemet er at regelverket er laga for ti år sidan. Sidan den gong har ein fått nye sortar som er meir haldbare gjennom heile året, slik at ein eigentleg kan auka den norske produksjonen.
Inn i statsbudsjettet
I Hurdalsplattforma, avtalen som ligg til grunn for Ap-Sp-regjeringa, kan ein lesa at regjeringa vil sikra «importvernet for norsk jordbruk, blant anna gjennom val mellom prosent- og kronetoll, og sørgje for at importvernet ikkje blir svekka, når ein inngår nye handelsavtaler.»
– Er det å gå over til prosenttoll så i samsvar med plattforma at de reknar med å få støtte frå Ap?
– Skal me nå måla for landbruket i plattforma, må me beskytta landbruket meir. Den nye, globale matvaresituasjonen tilseier at me må auka sjølvforsyninga. Det oppfattar eg at stadig fleire parti ser behov for, seier Pollestad.
Han håper derfor at eit sterkare tollvern vil bli ein del av statsbudsjettet som regjeringa legg fram til hausten.
Borch vil styrka sjølvforsyninga. Då må ho overtyda desse
Positiv til endring
Marit Epletveit, leiar av Rogaland bondelag, meiner prosenttoll vil lønna seg for dei fleste som produserer norske jordbruksvarer.
Unntaka er nokon typar frukt og grønt som det blir produsert veldig mykje av i høgsesongar. Her håper ho det er rom for ein fleksibilitet med kronetoll som eit minimum.
– Utfordringane med sterkare tollvern er at de har internasjonale kostnadar for Norge. Men ein må auka så mykje som mogleg om ein skal sikra norsk matproduksjon, seier Epletveit.