Rygr er eitt av 50 bryggeri i ny turistsatsing

Med «Bryggeripasset» håper bransjeforeininga å kunna bidra til å styrka økonomien i næringa.

Dagleg leiar Sune Aabø Parker og bryggerimeister Øyvind Tveit hos Rygr brygghus har fått besøk av turistar med bryggeripass.

Geir Sveen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

– Responsen har vore overveldande, seier Hege Ramseng, kommunikasjonssjef i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

Ho snakkar om foreininga si ferske turistsatsing, «Bryggeripasset». Her kan ein samla stempel hos bryggeri frå Svalbard i nord til Agder i sør.

Ramseng håper særleg at passet vil hjelpa dei minste og mellomstore bryggeria.

– Bryggeria som har hatt størst problem den siste tida, er dei som baserer ein del av omsettinga på arrangement og besøk. Når det har falle bort, har det blitt dramatisk, seier Ramseng.

Nyleg melde E24 om «eksplosjon i ølsalet» i juni.

– Det er eit skilje mellom dei som har butikkøl, og dei som ikkje har det. Bortfall av grensehandel, Tax Free og smugling har bidrege til auke i innanlands ølsal.

Men Bryggeripasset er ikkje tenkt å berre vera ei ordning for vanskelege år.

– Me trur passet er kome for å bli. Me har 136 bryggeri i foreininga. Cirka 50 er med i år, seier Ramseng som trur fleire blir med neste år.

– Korleis vurderer de Bryggeripasset opp mot forbodet mot alkoholreklame?

– Det er ikkje alkoholreklame. Det er ein guide til norske bryggeri, og inga oppfordring til å drikka. Ein må ikkje kjøpa øl for å få stempel i passet. Mange bryggeri har dessutan både alkoholfritt øl og brus. Me har heller ikkje reklamert for passet, seier Ramseng.

Rygr-sjef med pass

I Rogaland er fire bryggeri med i passet. Dei finn ein på Tau, i Skudesneshavn, i Egersund og på Klepp stasjon. På sistnemnde adresse finn ein bryggeriet Rygr Brygghus, som er eigd av Grans Bryggeri og fem tilsette hos Rygr.

– Folk har kome heilt frå Austlandet og Bergen. Før eg reiste på ferie for halvannan veke sidan, hadde det i alle fall vore 20 innom med pass, fortel dagleg leiar Sune Aabø Parker.

Om dei tilsette har tid, har gjestene fått ei omvising.

– Det er nok ein god idé å ta kontakt med bryggeria før ein kjem, slik at ein veit at dei har tid til ein.

Då Aftenbladet ringer Parker, er han på køyretur på Atlanterhavsvegen.

– Eg har passet med meg på ferie, og har vore innom på eit par bryggeri. Alle driv forskjellig, og det er fantastisk å kunna samanlikna. Men eg har ein sambuar som ikkje synest at eg skal besøka alle bryggeria me passerer på vegen, seier Parker og ler.

Rygr blei stifta i 2018, og resultatet har foreløpig ikkje gått i pluss. I fjor omsette dei for 9, 8 millionar kroner.

– Det tar tid å bygga opp ein merkevare i ein bransje der ein ikkje kan marknadsføra seg. I år siktar me oss inn mot balanse og 25 millionar kroner i omsetting. Me har allereie passert fjoråret. Auken handlar om distribusjon. No har me fått Agder, Innlandet, Viken og Oslo også.

Pengesterke norske turistar

Svein André Waage er dagleg leiar på Skudesnes bryggeri.

– Me permitterte ganske tidleg då koronaen kom. Det har gjort at me har klart oss på lik linje som i fjor. No ser me ein auke fordi nordmenn på ferie bruker meir pengar enn utanlandske turistar. Me har pass liggande framme til folk, og det er nesten tomt, seier Waage.

– Me treng all draghjelp me kan få, seier Per Kristian Djuvsland, dagleg leiar hos Lilland bryggerihotell på Tau.

Han kallar bryggeriet for eit nanobryggeri, og fortel at ølet berre blir selt på hotellet. Så langt har han hatt 10–12 gjestar med pass innom.

– Mai og juni var alt for stille. Besøkstala er veldig gode no i juli, seier hotell- og bryggerisjefen.

Storebror i sør

På Berntsens brygghus i Egersund er forholda ein god del større. Rekneskapstala for 2019 er ikkje klare, men i 2018 hadde Berentsen ei omsetting på 76 millionar kroner og eit årsresultat før skatt på 3,3 millionar kroner.

– Det er både lokale og tilreisande som kjem innom med pass, seier sjefsbryggar Fred Berentsen.

Han kan fortelja at det går overraskande godt for bryggeriet i år.

– Me har hatt ein solid auke innan daglegvare.

Les også

Ferske tall: Eksplosjon i ølsalget

Les på E24+

Stengte grenser ga 140 prosent økning i butikkene for Hansa Borg

Her kan du lese mer om

  1. Øl
  2. Bryggerier
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Sjefen deira vil ha null hierarki

  2. Europa-satsing bidrog til femti prosent auke i omsetting

  3. Betalt innhold

    Belgisk milliardkonsern investerte i jærsk humlefjøs

  4. Annonsørinnhold

  5. Kraftfôr er blitt milliardbutikk

  6. Med dette verktøyet vil dei spara skattebetalarane for milliardar