Hvem skaper den beste balansegangen mellom privat og offentlig sektor av disse to? Høyres leder i finanskomiteen skrev kronikk 3. september - nå får han svar på tiltale.

Ruud, Vidar / NTB scanpix
Kommentar

Meir industri og eksport med Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet har minimalt å lære av Høgre om økonomisk styring, næringsutvikling og økonomiske samanhengar. Mudassar Kapurs E24-innlegg (3. september) stadfestar dette.

  • Fredric H. Bjørdal
    Stortingsrepresentant (Ap)
Publisert:

Nyleg la Eksportkreditt fram ein nedslåande rapport, utarbeidd av Menon Economics: Noreg har den dårlegaste eksportutviklinga i OECD. Det er ikkje berre eit alvorleg varsko for landet. For ei høgreregjering som har sete i sju år, med «omstilling» som sitt fremste, uttalte prosjekt, er det òg ein knusande dom.

Høgres leiar i finanskomiteen dveler ikkje ved dette i innlegget sitt. I staden angrip han ei enkeltsetning, tatt ut av kontekst, frå ein fleire timar lang debattsamtale Støre nyleg deltok i: «det blir ikke flere sykepleiere av å lage mer aluminium.» Det gir meg høve til å peike på nokre samanhengar høgresida kan ha nytte av å tenkje over.

Dette innlegget er et tilsvar på denne kronikken fra Høyre

For det første: Vi eksporterer ikkje for å kunne løne sjukepleiarar. Hugs at eksporten frå verdsøkonomien er null, samtidig som millionar av sjukepleiarar hevar lønn kvar månad. I nasjonaløkonomisk forstand eksporterer vi for å kunne finansiere import. Men jo mindre eit land er, jo meir avhengig vil ein vere av varebyte med andre, altså eksport. Det handlar om effektiv utnytting av arbeidskraftressursane, og tilgang på det vi uansett ikkje kunne ha produsert sjølv. Handel gir enorme gevinstar. For Noreg, som eit lite land, er rikdommen vår tett knytt til høg grad av varebyte.

Det er derfor Arbeidarpartiet om kort tid vil presentere eit ambisiøst program for vekst i eksportretta industri og næringsliv, med vilje til å bruke staten som aktiv medspelar. I kontrast står passiviteten til noverande regjering, som beviseleg har feila. Utviklinga no er dramatisk. Om få år kan norsk utanriksøkonomi gå med underskot, sjølv med sal av olje og gass i rekneskapen.

For det andre: Verdiskaping skjer i både privat og offentleg sektor. Det er ikkje slik at ein privat gravferdsagent driv med verdiskaping, medan ein offentleg tilsett kreftlege - som reddar liv på Radiumhospitalet - ikkje gjer det. Det er her Kapurs resonnement avslører seg sjølv, ved å presentere ei utdatert oppfatning om at privat sektor skaper, medan offentleg brukar opp. Høgre har aldri forstått djupna i samspelet mellom offentleg og privat sektor.

Les også: NHO: Hjelpen må spisses mot dem som trenger det

Det er heller ikkje slik at eksport av aluminium gir fleire sjukepleiarar av seg sjølv. Det handlar om politiske val for å sikre skatteinntekter og prioritere tilstrekkeleg til utviklinga av eit helsevesen i verdsklasse – for alle. Vi treng skatteinntekter for å løne sjukepleiarar, men like viktig: vi treng sjukepleiarar i eit samfunn som skal vere i stand til å ta vare på folks helse, sånn at dei kan jobbe og generere skatteinntekter.

Eit land kan velje å drive all verdiskaping i privat regi om det vil – eller i offentleg. Men ingen av ytterpunkta er ønskelege. Det ønskelege er å finne den rette arbeidsdelinga mellom privat og offentleg, mellom marknad og fellesskap. Høgres forenkla økonomiske forståing gir ikkje fasiten på det.

Her kan du lese mer om

  1. Næringsliv
  2. Politikk
  3. Lønn
  4. Eksport
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Solbergs hydrogen-strategi kan vere byrjinga på noko bra

  2. Vi må prate om offentlig sektor

  3. Betalt innhold

    Eit av landets største gartneri investerer i kunstig intelligens

  4. Annonsørinnhold

  5. Kritiserer handelsregel: – Skremmande at dei vil knebla utviklinga

  6. Kraftfôr er blitt milliardbutikk