Konsernsjef Jacob Schram (til v.) fekk måndag fleirtal for redningsplanen for Norwegian. Det beste med løysinga er at eigarane ikkje fekk lempe rekninga over på norske skattebetalarar, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.

Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix
Kommentar

Norwegian-løysinga er ein politisk triumf

Norske politikarar er betre kapitalistar enn dei amerikanske.

  • Hans K. Mjelva
    Kommentator i Bergens Tidende
Publisert:

Flyselskapet Norwegian er redda, i alle fall i første omgang. Så djup krise som flybransjen no er inne i, er det vanskeleg å spå kvar dette vil ende.

Men ein ting kan ein seie sikkert: Måten regjeringa og Stortinget har handtert krisa i Norwegian på, tener dei til ære:

Skal kapitalismen fungere, må den som tek risiko i håp om å tene ekstra godt, også ta rekninga om selskapet får problem. Det er akkurat det som har skjedd.

Under generalforsamlinga måndag stemte nær alle aksjonærane for ei løysing som gjer at dei taper 95 prosent av aksjeverdien. Det skjer ved at kreditorane går med på å slette gjeld mot å få aksjar.

Norwegian treng desperat meir pengar for å halde seg flytande gjennom krisa. Ved å gjere gjeld om til aksjar har Norwegian fått nok eigenkapital til at staten vil gje dei lånegarantiar for til saman tre milliardar kroner.

Ved å krevje at selskapet skulle få opp eigenkapitalen, sørgja regjeringa og Stortinget for at ikkje aksjonærar og gjeldshavarar fekk velta heile kostnaden over på norske skattebetalarar.

Samstundes var tilbodet raust nok til at selskapet kunne reddast. Dermed hadde eigarar og kreditorar valet mellom å tape mykje eller å tape alt. Dei valde det første.

Les på E24+ (for abonnenter)

Ti år i stormen: Slik ble Norwegians ambisjoner selskapets største problem

Utfallet var ikkje sjølvsagt. Spesielt dei mange småaksjonærane hadde satsa alt på at staten ville redde selskapet. Fram til søndag var dei klare til å stemme nei.

Ein samtale med Norwegian-gründer Bjørn Kjos gjorde at dei snudde. Han sa at draumen om ein redningspakke frå staten var urealistisk. Noverande Norwegian-sjef Jacob Schram har lenge sagt det same.

Før avrøystinga måndag fortalde han at han hadde snakka med både statsminister, samferdsleminister og «andre sentrale politikarar i Norge». Konklusjonen var tydeleg: «Det er ingen indikasjoner i disse samtalene om at man vil gå inn med en redningsplan hvis dette ikke går gjennom.»

Det er ei fjør i hatten for våre folkevalde at ingen har gjeve etter for presset, anten ønsket var ein redningspakke eller at staten skulle kjøpe opp selskapet.

For det er ikkje sjølvsagt. Norwegian er eit svært populært selskap i Noreg, etter det i 2002 tok opp konkurransen med SAS og gav nordmenn langt rimelegare flyreiser.

Med den tjomslege Bjørn Kjos i leiinga har Norwegian blitt eit Askeladden-eventyr, og eit nasjonalt ikon.

Ein konkurs ville truleg ha lagt alt i grus.

Norske politikarar har gjort dette før, altså redda viktige selskap utan å frita eigarane for sitt ansvar. Det skjedde under bankkrisa på slutten av 1980-talet, då staten enda opp som storeigar i landets største bank, DNB.

Kontrasten er måten USA og fleire andre land handterte finanskrisa i 2008. Bankar og finansinstitusjonar vart redda av statlege pengar, medan leiing og eigarar i stor grad slapp unna.

Når finansfolket følgde opp i åra etter med å gje seg sjølve feite lønningar og utbytter, gjorde det resten av folket forbanna. For finansnæringa hadde jo skapt krisa. Då vart det ekstra provoserande at rekninga vart sendt til skattebetalarane.

Koronakrisa er litt annleis, men i USA har ein gjort noko av den same tabben. 9. april opna den amerikanske nasjonalbanken, The Fed, for å kjøpe opp dårleg sikra selskapsgjeld, såkalla «junk bonds».

Dei som hadde lånt ut pengar mot god betaling, betaling som stod i forhold til risikoen, vart dermed redda av staten. Igjen. Ikkje uventa førte det til stor glede og kjøpslyst blant amerikanske investorar.

Målet er å hindre eit konkursras, men politikken undergrev det økonomiske systemet amerikanarane likar å tru dei er den fremste forsvararen for.

Norwegian si løysing måndag gjev ingen garanti for at selskapet overlever. Internasjonal flytrafikk har gått ned med 80-90 prosent under koronakrisa.

Lite tyder på at trafikken vil ta seg skikkeleg opp att før det kjem ein vaksine. Det kan fort ta to år, i alle fall før alle som treng det har blitt vaksinert.

Koronakrisa kan òg ha endra flyvaner for godt, spesielt for forretningsreisande. Både sjefar og tilsette har no lært at videomøte faktisk kan fungere fint. Dermed kan det bli færre på flya mellom Bergen og Oslo, for å ta eit godt døme.

Men det siste vil treffe SAS hardare enn Norwegian, fordi SAS har langt fleire forretningsreisande.

Det norske folket kan framleis måtte betale for forsøket på å redde Norwegian. Viss selskapet ikkje klarer å halde seg flytande gjennom resten av krisa, kan staten ende med å måtte punge ut for garantiane.

Dessutan har samferdsleminister Knut Arild Hareide ymta frampå om at det kan kome nye støttetiltak for flyselskapa.

Vi får sjå kva det blir. Det viktigaste i dag var at norske politikarar viste seg som gode kapitalistar.

Her kan du lese mer om

  1. Norwegian
  2. Stortinget
  3. Regjeringen
  4. Fly

Flere artikler

  1. Nortura-tillitsvald fryktar at 450 jobbar er i fare i Rogaland

  2. Antallet private eiere mer enn doblet: Nordmenn flokket til Norwegian i første kvartal

  3. Betalt innhold

    Mens selskapet tikker mot konkurs, sitter Tomas Hesthammer i stua og leder operasjonen med å få tusenvis av nordmenn hjem

  4. Annonsørinnhold

  5. 13.000 flere kan få bostøtte

  6. Nybø vil gjøre det lettere for små bedrifter å vinne offentlige kontrakter