ILLELUKTANDE: Norwegian Gannet kunne revolusjonert oppdrettsnæringa, men vart stoppa av ein fiskeriminister som kom frå ei konkurrerande bedrift. Denne saka luktar ikkje godt, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Foto: Marita Aarekol

Kommentar: Ei sak regjeringa helst vil halde kjeft om

Frp er ute av regjeringa, men proteksjonismen til tidlegare fiskeriminister Harald Tom Nesvik lever vidare.

  • Hans K. Mjelva
    Kommentator i Bergens Tidende
Publisert:
Dette er en kronikk
Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til E24 her.

Då Harald Tom Nesvik (Frp) vart fiskeriminister i august 2018, kom han frå brønnbåtselskapet Sølvtrans i Ålesund. I juli, etter eit halvt års karantene, går han tilbake i same jobben, som kommunikasjonssjef.

Medan han sat i regjering fekk Nesvik stoppa det som kunne blitt eit trugsmål mot Sølvtrans og liknande selskap: den nyskapande slaktebåten Norwegian Gannet.

Ved å suge opp laks rett frå merdane, slakte han om bord og frakte fisken direkte til Danmark, har Norwegian Gannet potensial til å gjere både brønnbåtar og slakteri på land arbeidslause.

Men 1. juli er det slutt, med mindre eigaren Hav Line vinn fram i rettssaka som blir avslutta i Bergen denne veka.

Kor viktig Nesvik har vore for å få stoppa båten, kom tydeleg fram då han og forgjengaren Per Sandberg (Frp) vitna i Bergen Tingrett måndag.

I Sandbergs tid som fiskeriminister var Norwegian Gannet heia fram av regjeringa. Båten fekk 29 millionar kroner i støtte frå Enova, Kystverket og eit offentleg forskingsfond. Ein viktig årsak var at båten, ved å frakte laksen direkte til Danmark, kan erstatte opp til 85 trailerlass for kvar tur.

Les også: Tror torsken slår laks på landbasert oppdrett: Avler opp fisk på 25 kilo uten trøbbel

Nesvik derimot meinte at båten var ein fare. Men ikkje for brønnbåtselskap og slakteri, men for ryktet til den norske laksen. Årsaka er at båten fraktar fisk usortert til Danmark, og at fisk med skader difor kan bli sendt ut i marknaden.

Dette er ein argumentasjon det er svært vanskeleg å tru på. Ikkje minst fordi Hav Line, som eig Norwegian Gannet, har tilbydt seg å sortere ut produksjonsfisken i Danmark og frakte den tilbake til Noreg.

Då reiarlaget kom opp med den løysinga, svarte dåverande fiskeriminister Nesvik med å endre kvalitetsforskrifta. Han fekk lagt inn eit krav om at sorteringa måtte skje i Noreg. Dermed fjerna han grunnlaget for forretningsmodellen til Norwegian Gannet.

Alt tyder difor på at omdøme-risiko berre er ein skinnargumentasjon, og at det eigentleg handlar om å bli kvitt ein brysam konkurrent.

I rettssaka vart det poenget forsterka av Sandberg, som gjorde det klart at spørsmålet om omdøme ikkje var eit tema då han styrte departementet.

Han slakta etterkomarens forklaring: «Etter mitt syn handler denne saken om arbeidsplasser, og at fisk som ikke går til landanlegg langs kysten i Norge kan føre til færre arbeidsplasser.»

For den som lurer: Habiliteten til Nesvik vart vurdert, av Nærings- og fiskeridepartementet. Dei kom fram til at habiliteten var finfin.

Les også: Fiskeriministeren stanser nye lakseunntak

Kva har så skjedd i denne saka etter at Frp og Nesvik forlét regjeringskontora i januar? Ingenting. Nesvik er ute, men politikken hans står. Difor forfektar regjeringa Nesviks politiske linje i Bergen Tingrett.

Den nye fiskeriministeren frå Høgre, Odd Egil Ingebrigtsen, vil ikkje kommentere saka.

Ein av dei få som tør å bryte med den prinsipplause stilla frå regjeringspartia, er stortingsrepresentant Peter Christian Frølich (H) frå Bergen. I eit intervju med Danmarks største næringslivsavis, Børsen, går han til frontalangrep på denne linja.

«Dette er ei proteksjonistisk linje, som blir ført av omsyn til eit anna parti, og det beklagar eg.(...) Det er ein arv som regjeringa passivt vidarefører på same parlamentariske grunnlag som då Frp var i regjering», seier han til avisa.

Ifølgje Frølich er hans eige parti, Høgre, splitta i saka.

TIDLIGARE STATSRÅD: Harald Tom Nesvik (Frp) var fiskeriminister.

Berit Roald / NTB scanpix

At det handlar om store økonomiske interesser, kjem tydeleg fram av at den danske fiskeriministeren har engasjert seg i saka. Frå januar 2019 til mars i år leverte Norwegian Gannet laks verd 1,8 milliardar kroner til Danmark.

Potensialet er langt større, men med mindre Hav Line vinn fram i rettssystemet er det slutt 1. juli. Då går dispensasjonen frå Nesviks forskrift ut.

Skulle Hav Line vinne saka mot departementet, trur Frølich regjeringa vil finne ein annan måte å stoppe forretningsmodellen på.

For prinsippet om at innovasjon i ein fri marknad skaper framsteg og vekst gjeld ikkje i denne saka, sjølv for mange i Høgre. For sjølv om Norwegian Gannet ifølgje eigarane skaper 100 arbeidsplassar, er det færre enn dei som kan forsvinne i brønnbåt-bransjen og i slakteria.

Kanskje. Brønnbåtnæringa hentar stadig meir av inntektene frå båtar som reinsar laksen for lus. Og på slakteria er ein stor del av arbeidskrafta arbeidspendlarar frå Aust-Europa.

For eigarane av brønnbåtane og slakteria er det likevel snakk om store pengar. Det er ein av årsakene til at sjømatbedriftene har kjempa mot Norwegian Gannet. Dei har vore krystallklar på at dette handlar om arbeidsplassar.

Og pengar. Brønnbåtselskapa tener pengar som gras, med ein driftsmargin på 45 prosent i 2018 ifølgje revisjonsselskapet EY. Og heldigvis for dei tok ein mann frå næringa over som fiskeriminister tidsnok til å stoppe det som kunne blitt ein brysam konkurrent.

Her kan du lese mer om

  1. Fisk
  2. Forskning og vitenskap
  3. Peter Christian Frølich
  4. Båt
  5. Nærings- og fiskeridepartementet
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Slaktebåten får sigle, men staten har hindra at det kjem nye

  2. Tidligere fiskeriministre vidt uenige om slaktebåt-sak: – Dramatisk at han grep inn

  3. Betalt innhold

    De krangler om stygg fisk, en slaktebåt og 700 millioner. Nå møtes rederiet og staten i retten.

  4. Annonsørinnhold

  5. Nå skal fremtiden til den omstridte slaktebåten avgjøres

  6. Danmarks fiskeriminister engasjerer seg i slaktebåt-saken