Bønder vurderer aksjonar i protest mot tilbodet frå staten

Staten vil gje 70.000 kroner mindre per årsverk enn det bøndene krev til tetting av inntektsgapet.

Marc Erga er blant dei som meiner tilbodet frå staten er for dårleg.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Staten tilbyr bøndene 10,15 milliardar kroner i årets jordbruksforhandlingar. Kravet frå bøndene var på rekordhøge 11,5 milliardar kroner (sjå meir i faktaboks).

Men som det blei understreka under pressekonferansen, er ikkje desse summane direkte samanliknbare. Ifølgje Viil Søyland, forhandlingsleiar for staten, er 8,9 milliardar eit tal som ein betre kan samanlikna med kravet frå bøndene.

Ein del av dette er auka tilskot, og noko er auka prisar på mat. Søyland reknar med at ei hushaldning må ut med 1200 kroner meir i året for mat som følgjer av tilbodet som staten no har lagt fram.

Både Bjørn Gimming, leiar av Norges Bondelag, og Kjersti Hoff, leiar av Norges Bonde- og Småbrukarlag, vil no setja seg grundigare inn i detaljane før dei går inn i forhandlingane.

– Behov for å diskutera

I lokala til Rogaland Bondelag følgde leiar Marit Epletveit og nestleiar Jakob Eskeland spent med på pressekonferansen der staten la fram tilbodet sitt.

– Tilbodet var cirka der me kanskje venta at det måtte vera. Det er akkurat nok til at ein vurderer vidare forhandlingar, seier Epletveit.

Ho meiner staten kjem bøndene i møte på ein del punkt, særleg det som gjeld kompensasjon for auka kostnadar.

– Og så er det behov for å diskutera ein del ting vidare. Men no har me 194 sider me skal lesa i løpet av helga, seier ho.

Jakob Eskeland (nestleiar Rogaland Bondelag), Henning Røyneberg (leiar Sola Bondelag) og Marit Epletveit (leiar Rogaland Bondelag) er klare for å setja seg inn i detaljane i tilbodet frå staten.

Det ser i fyrste omgang ut til at det er i spørsmålet om tetting av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper at staten og bøndene no står lengst frå kvarandre.

Bondeorganisasjonane ønskte å tetta gapet med 100.000 kroner per årsverk allereie i oppgjeret som no skal bli forhandla fram. Staten tilbyr derimot 30.000 kroner.

– Trur du at dette tilbodet gjev grunnlag for aksjonar frå bønder?

– Eg håper folk fyrst tar seg tid til å setja seg inn i kravet, seier Epletveit.

– Ikkje eit betre liv for 30.000

Tonen er ein annan hos Marc Erga, jærbonden som allereie før tilbodet frå staten kom, oppfordra bønder til å møtast til aksjonar. Denne aksjonen blei avlyst, då det ikkje var nok bønder som ville delta.

– Staten har tatt omsyn til kostnadsgaloppen, men når det gjeld inntektsløftet, kjennest det som om dei har fika til meg med silkehanskar, seier Erga.

No skal han forhøyra seg med andre delar av grasrota for å finna ut om det er stemning for aksjonar.

– Men regjeringa har jo lova ein forpliktande plan for tetting av inntektsgapet på sikt. Kvifor må ein begynna med hopp på 100.000 kroner allereie no?

– Kvifor begynna så lågt som 30.000 kroner? Staten tilbyr berre 30 prosent av det bøndene kravde. Ingen bønder får eit betre liv for 30.000 kroner i året. Eg får ikkje meir smør på pastaen av det, seier Erga, som er leiar av Orre Bondelag.

Trur på aksjonsvilje

– Eg har som leiar av bondelaga på Jæren kalla inn til eit møte der me skal diskutera moglege aksjonar, seier Sven Martin Håland.

Han trur at aksjonsviljen er stor, og han legg vekt på at tilbodet til inntektsløft ikkje var meir enn ein tredjedel av det bøndene krev. Håland meiner at kravet var moderat.

– Me treng ei inntekt som andre folk. Mange legg ned. Dei som er igjen, er nok motiverte for å slåst, seier han.

Sven Martin Håland kritiserer tilbodet frå staten.

I fjor var Figgjo-bonden ein av fem bønder som starta eit bondeopprør som fekk stor oppslutning. Dei kritiserte blant anna talgrunnlaget som ligg til grunn for forhandlingane. Opprørarane meinte desse tala ikkje fortalde sanninga om inntektene til bøndene.

– Jordbruksoppgjeret er basert på ei suppe av tal som Bodeopprøret har prøvd å klarna opp i. No vel staten å forvirra med nye reknemåtar i presentasjonen av tilbodet for å sminka eit lågt tilbod, seier Håland.

Ulike reknemåtar blei fremma som forklaring på kvifor tilbodet på 10 milliardar kroner ikkje var mogleg å samanlikna med kravet frå bøndene.

Regjeringa har tidlegare oppretta eit utval som skal vurdera grunnlaget for samanlikninga mellom næringsinntekter i jordbruket og løna til arbeidstakarar. Men konklusjonane til utvalet kjem ikkje før 1. juli.

– Tilbodet på 8,9 milliardar er eit høgt tal. Men sett ut frå behov og etterslep er dette eit skambod som bekreftar at norsk matproduksjon ikkje er viktig, hevdar Håland.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Jordbruksoppgjøret
  2. Landbruk
  3. Norges Bondelag

Flere artikler

  1. Skuffa over jordbruksavtalen: – Overtydar ikkje

  2. Kritiserer Sp sitt toll-utspel: – Vil auka handelslekkasjen

  3. Sp vil ha høgare mat-toll: – Det blir bråk!

  4. Klimaforskar: – Vekstsesongen utvida med tre veker

  5. Enighet i jordbruksoppgjøret: – Vi har fått et nødvendig inntektsløft