Bondeopprørarar om milliardkrav: – Offensivt og positivt

Eit grasrotoppgjer med 20.000 underskrifter har fått opp temperaturen. No er årets landbruksforhandlingar i gang.

Sven Martin Håland driv gard på Figgjo. «Det er mange som ikkje vil investera meir. Og mange seier at dei vil slutta», sa han til Aftenbladet/E24 sist veke.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Me synest at pengekravet er meir offensivt enn me har vore vane til tidlegare. Det synest me er positivt, seier Sven Martin Håland.

Figgjo-bonden er ein av fem bønder som står bak det nasjonale grasrotopprøret som har fått namnet #bondeopprør21. Den tilhøyrande underskriftskampanjen har no over 20.000 underskrifter. Eit hovudkrav for opprørarane er at bonden skal ha ein økonomi som gjer dei i stand til å produsera trygg, norsk mat. «Slik er det ikke nå», slår dei fast.

Pengekravet Håland no kommenterer er det som Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag tysdag la fram for staten. Dette er fyrste episode i årets jordbruksforhandlingar, og det er desse forhandlingane opprørarane ønsker å legga press på.

2 milliardar kroner

Kravet frå bondeorganisasjonane har ei ramme på 2,114 milliardar kroner. Av dette er 1,1 milliardar budsjettoverføringar og 717 millionar kroner auka målprisar på produkta til bøndene.

Eitt av måla er å gje alle bønder eit kraftig inntektsløft, nærare bestemt 48.700 kroner per årsverk. 30.000 av desse kronene skal bidra til å tetta gapet mellom jordbruket og andre grupper.

– Me registrerer at det er blitt ei sanning i debatten at inntekta til bonden ligg milevis under løna til andre. Debatten har vist at det verkeleg er behov for å ta tak, seier Håland.

Ifølgje Bondelaget hadde bøndene flat inntektsutvikling frå 2015–2019. Og sjølv om stengde grenser bidrog til auka etterspørsel i 2020, meiner dei ikkje at dette positive året kan vega opp for svak økonomi tidlegare år.

«Rogaland Bonde og Småbrukarlag er skuffa over kravet fra landbrukets forhandlingsutvalg. Dette kravet er ikke i nærheten av det vi må ha for å sikre et aktivt landbruk i framtida!» skriv leiar Stig A. Helgesen i ei pressemelding lokallaget sende ut då kravet blei kjent.

Helgesen viser til støtta bondeopprøret har fått, og den økonomiske situasjonen som er blitt skildra i media. Ifølgje SR-Bank har snittgjelda per landbrukskunde auka med 160 prosent, frå 1,3 millionar kroner til 3,1 millionar i åra mellom 2010 og 2020.

Kritiske til talgrunnlag

Bondeopprørarane har vore sterkt kritiske til talgrunnlaget som ligg til grunn for forhandlingane. Dei meiner at mange bønder ikkje kjenner seg igjen i inntektene som blir framstilte der. Det har bondeorganisasjonane merkt seg.

– Tilliten til talgrunnlaget er sviktande hos mange. Me meiner det er riktig å ta ein gjennomgang av systemet, sa Kjersti Hoff, leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag under pressekonferansen der organisasjonen presenterte kravet sitt.

– Me ser at dei tar til orde for ein gjennomgang, men me synest at dei burde tidfesta ein dato der dette skal vera avklart, kommenterer Håland.

Ifølge avisa Nationen har bondeoppørane også stilt krav om at årets jordbruksavtale skal gå til uravstemming hos medlemmane i bondeorganisasjonane dersom resultata av forhandlingane ikkje er i stil med det medlemmane kan akseptera.

– Forhandlingane vil avgjera om det blir behov for dette, eller om me føler at me allereie er blitt lytta til, seier Håland.

Lar Petter Bartnes, leiar av Norges Bondelag, og Kjersti Hoff, leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag, la tysdag fram kravet til årets forhandlingar.

Terje Pedersen / NTB Scanpix

Staten: – Blir svært krevjande

I fjor blei partane einige om å gjennomføra ei forenkla utgåve av jordbruksforhandlingane utan framlegging av krav og tilbod. Alvoret i pandemien var framleis relativt ferskt for Norge, og det var vanskeleg å rekna seg fram til korleis det komande året ville bli for bøndene.

Men ei slik forenkling er det ikkje snakk om å gjennomføra i år, og etter eit pauseår frå ordinære forhandlingar, blir årets oppgjer desto viktigare.

I tillegg til inntektsløft for alle, ønsker bondeorganisasjonane også å styrka næringane med dårlegast inntektsutvikling. Dette gjeld sau, korn og storfekjøt.

Dei vil blant anna også satsa vidare på matkorn og grønt, og auka beitebruken.

Innan 2034 skal mjølke- og storfebønder ha sikra seg lausdriftsfjøs. For at næringa skal oppfylla dette kravet, meiner bondeorganisasjonane det er nødvendig at bøndene får 450 millionar kroner i ei eiga investeringspakke neste år.

– Det er eit veldig høgt krav, og det er omfattande i talet på saker, sa Viil Søyland, forhandlingsleiar for staten, under pressekonferansen.

«Ein sterk prisvekst» og «kraftig inntektsvekst» bidrar til at ho konstaterer at forhandlingane vil bli svært krevjande.

Staten skal koma med tilbodet sitt 4. mai. Planen er at forhandlingane skal vera ferdige 15. mai.

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. Landbruk
  2. Norges Bondelag
  3. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Bonderebellar ber om forhandlingsbrot: – Eg er lei meg

  2. Bøndenes grasrotopprør har fått over 10.000 underskrifter

  3. Staten tilbyr 962 millioner kroner i jordbruksoppgjøret

  4. Betalt innhold

    Bøndene mener de fikk «møkkatilbud». Selv kaster de skitt på hverandre.

  5. Betalt innhold

    Hildegunn elskar garden sin. No er han til sals