Vindkraftlinje hang i ein tynn tråd. Ny rapport spår jobb-boom i bransjen

Den unike vindkraftlinja på Dalane videregående stod i fare for å bli nedlagt. No har utdanningstilbodet fått medvind.

Hos Egerersund Energy Hub, der vindkraftlinja skal flytta inn, har dei kurs for folk som vil jobba med vindkraft. Kim Andrè Bru og Christian Hermansen blei fotograferte då dei deltok på eit kurs i haust.
Publisert: Publisert:

I november melde Aftenbladet/E24 at landets einaste vindkraftlinje på vidaregåande kjempa for å overleva. Linja er eit vg3-tilbod hos Dalane videregående skole.

Låge søkartal og utfordringar med å skaffa læreplassar var bakgrunnen for at fylkeskommunen vurderte nedlegging. Då skuleåret starta, var det berre tre elevar på linja, som hadde plass til åtte.

Skulen sette i gang ei jakt på underskrifter frå bedrifter som kunne tenka seg lærlingar. No sit skulen med tolv signerte avtalar med blant anna Equinor og Vestas Norway.

Fylkesrådmannen foreslo etter dette at tilbodet skal få overleva dersom det er nok søkarar. Den 1. mars går søknadsfristen ut.

Ventar 350.000 europeiske jobbar

868.000 jobbar på verdsbasis innan havvind i 2030. Det er talet Rystad Energy nyleg har rekna seg fram til. Dei har då inkludert indirekte arbeidsplassar, som for eksempel dei som produserer stål til turbinane. Rystad Energy er eit uavhengig analyse- og rådgjevingsselskap.

I 2020 var talet 297.000 jobbar, så framtidsprognosen deira byr på ei dobling og vel så det. Innan 2025 spår dei at talet har stige til 589.000.

I Europa trur Rystad Energy at talet på havvind-jobbar vil stiga frå 110.000 i 2020 til 350.000 i 2030. Denne veksten kan bli særleg merkbar dei komande fem åra.

Dei fleste av jobbane er involvert i utvikling og bygging, men etter kvart som åra går, vil det bli behov for stadig fleire som kan driva og halda ved like anlegga. I utsiktene for 2030 utgjer den siste gruppa 177.000 globalt. Det er slikt arbeid som er aktuelt for energioperatørane med vitnemål frå Dalane videregående.

Les også

Vindkraft-utdanning kjempar for å overleva: Viktige underskrifter er på plass

Lovande søkartal

– Steg éin var å få læreplassar på plass. No er neste steg å få nok søkarar, seier Frank Emil Moen.

Han er leiar av Energy Innovation, som skal husa vindkraftlinja i Egersund Energy Hub. Han er dessutan styreleiar i Espeland Energi som har inngått avtale om å ta imot lærlingar.

– Elevane vil koma tett på industrien, seier Moen, som også kan visa til at huben er involvert i forsking.

Den 24. februar kan rektor Tor-Magne Rotevatn fortelja at linja har 22 søkarar, og at ni av desse har vindkraft som fyrsteval. Rektoren kan likevel framleis ikkje vera hundre prosent sikker på tilbodet er redda.

– Men det er svært sannsynleg då dette vil vera i tråd med dei politiske vedtaka som er gjort så langt.

Han viser til at framtida til linja vil bli endeleg bestemt under eit møte i inntaksnemnda den 19. mars.

– Det er positivt å sjå at ungdommar og mange bedrifter ser at det er ein marknad som kjem. Det er viktig å bygga kompetanse i Norge, seier Moen, som også er kommunikasjonsansvarleg i Norwegian Offshore Wind Cluster.

Havvindklynga samlar over 250 bedrifter som ønsker seg ein fot innanfor næringa.

Frank Emil Moen jobbar for å sikra vindkraftnæringa norsk kompetanse. Bak han er øvingstårnet hos Egersund Energy Hub.
Les på E24+

I framtida kan han få oppdrag på vindturbinar på størrelse med oljeplattformer

Vil omskolera

Mens dei ser føre seg vekst innan havvind, trur Rystad Energy at olje- og gassnæringa ikkje vil kunna koma tilbake til sysselsettingsnivået ein såg for nokon år sidan. Men dei reknar med at kompetansen frå olje- og gass vil vera verdifull å ha med seg som bagasje i havvindbransjen.

Ved Egersund Energy Hub kan folk som allereie er i arbeidslivet ta kurs for å sertifisera seg for jobbar innan vindkraft. Moen fortel at dei også har planar om eit meir omfattande omskoleringstilbod.

– I rapporten til Rystad Energy er det innan installasjon det er flest arbeidsplassar. Men det er likevel eit betydeleg tal som trengst til drift og vedlikehald, seier han.

Foreløpig er ingen norske havvindanlegg i drift. Equinors Hywind Tampen er under bygging, og i år vil fleire aktørar levera inn søknadar for å få bygga ut dei to områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II.

Les også

Avviser at det går for tregt med havvind: – Må gjøre en ordentlig jobb

Les også

Gigantallianse ber staten sette fart på norsk havvind: – Det haster ganske mye

Les også

Mener industrivekst kan kreve mer vindkraft: – Her ligger noen utfordringer

Publisert: