Elektrifisering av sokkelen med kraft frå land kan stogge industriinitiativ. Her transmisjonsnett i Sogn.

Vi må snakke meir om kraftbehovet og elektrifiseringa av Noreg

Det kjem stadig nye initiativ knytt til det grøne skiftet som vi står ovanfor. Er Noreg rusta godt nok til å utnytte dette på best mogeleg måte? Eg trur vi må snakke meir om det framover.

Det grønne skiftet
  • Tommy Aarethun
    Tommy Aarethun
    Administrasjons- og kommunikasjonssjef i tankesmia Initiativ Vest
Publisert: Publisert:
Dette er et leserinnlegg
Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kroniker og debattinnlegg til E24 her.

Noreg er eit land med mykje fornybar kraft, ei kjelde som har danna grunnlaget for industrieventyr mange stader i landet vårt.

Denne krafta vil også kunne gjeva Noreg store konkurransefortrinn i møtet med det grøne skiftet vi no står ovanfor og danne grunnlaget for nye industrieventyr. Den siste tida har ein likevel sett fleire medieoppslag om grøne industriinitiativ, blant anna på Vestlandet, som vert stogga grunna manglande tilgang på kraft eller manglande tilkoplingsgarantiar. Er vi rusta for det som kjem?

Les også: Fryktar at elektrifisering kan gi dyr straum: – Ikkje kraft nok til det

Eller risikerer vi å hamne bakpå grunna manglande strategiar og infrastruktur? Kampen om å ta posisjonar innanfor dei grøne verdikjedene er stor, og internasjonale aktørar og andre land investerer no tungt innanfor dette feltet for å ta andelar. Om vi ikkje har naudsynte strategiar og infrastruktur på plass kan vi risikere å tape terreng på område der vi har naturgitte fortrinn.
Mykje talar difor for at denne tematikken må lyftast høgare på dagsorden i åra som kjem, då kraftsituasjonen vil endre seg i tråd med aukande elektrifisering av samfunnet i form av til dømes bilar, ferjer og fly, og dessutan nye kraftkrevjande initiativ dei komande åra. Før sommaren kjem Stortingsmeldingen om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar, betre kjent som energimeldinga. Det er von om at regjeringa nyttar denne til å adressere nokre av dei utfordringane ein står ovanfor, men den bør også vera oppsparket til ein breiare debatt om tematikkane. Blant politikarar, ekspertar og ikkje minst i befolkninga elles.

Kronikk: Klimatiltaket som aukar CO₂-utsleppa

Kraftsituasjonen og elektrifiseringa av samfunnet er kompleks og reiser ei lang rekke spørsmål om alt frå infrastruktur og nettkapasitet til politiske prioriteringar knytt til bruk av krafta og utvikling av nye næringar i Noreg. Er desse spørsmåla og tematikkane drøfta godt nok i Noreg? Truleg ikkje. Framskrivingane av kraftbehovet i Noreg i åra som kjem gjer det derimot naudsynt å drøfte desse tinga langt meir inngåande enn ein har gjort til no.

  • Er det riktig å elektrifisere sokkelen med kraft frå land samstundes som industriinitiativ på Vestlandet vert stogga grunna mangel på kraft og tilkopling?
  • Nyttar vi krafta til dei riktige industriinitiativa, eller ville det ha vore i storsamfunnet si interesse å nytte denne på ein annan måte enn ein gjer i dag?
  • Korleis kan vi sikre at ein får ein heilskapleg strategi for elektrifiseringa og det grøne skiftet som Noreg står ovanfor i åra som kjem?

Dette er tre dømer på store og komplekse problemstillingar som bør lyftast høgare på agendaen og som drøftast meir inngåande i tida som kjem. Vi veit i tillegg at kraft, bruken av kraft, flytting av kraft og utbygging av nye kraftproduserande kjelder er tema som det er knytt sterke kjensler og stort engasjement til i befolkninga.

Difor vil det vera i alle si interesse å drøfte desse spørsmåla grundig i forkant av det vi veit vil bli eit stadig meir aktuelt tema i åra som kjem. Ei heilskapleg tilnærming til denne tematikken vil truleg både kunne dempe konfliktnivået rundt nokre av desse spørsmåla og samstundes gjera oss som samfunn betre rusta til møtet med det grøne skiftet. Det vil ta oss fleire steg vidare.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Det grønne skiftet

Flere artikler

  1. Ap om straumnett som bremsar grøne ambisjonar: – Uhaldbart

  2. Ny industri står i kø for å få straum, og så set regjeringa ned eit utval!?

  3. Nytt kraftsamarbeid: – Har lagt bak oss motsetningane

  4. Fjern hindringane for nettapotek

  5. Flyttar tilkopling for oljeplattformer til Samnanger, meir kraft til industri på land