Tillitsvalde om Equinor-tala: – Norsk sokkel er meir solid enn den utanlandske

Resultatet for leiting og produksjon på norsk sokkel gjekk i minus før skatt, men i pluss etter skatt. Tillitsvalde takkar for den norske skattepakka.

Bjørn Asle Teige, leiar for fagforeininga Safe hos Equinor, meiner tala til Equinor fortel at ein bør satsa på norsk sokkel.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Fredag la Equinor fram eit justert resultat etter skatt i andre kvartal på 646 millionar dollar, noko som svarer til 5,96 milliardar kroner. Analytikarar venta at talet ville vera minus 237 millionar dollar, så resultata i den ferske kvartalsrapporten, overraska positivt.

Men tala er likevel ikkje gode nok til at Per Steinar Stamnes i fagforbundet Industri Energi, ser nokon grunn til å jubla. Han representerer 2100 medlemmar på norsk sokkel.

– Eg er ikkje overraska over dårlege resultat. Olje- og gassprisen er låg, seier Stamnes.

I andre kvartal fekk Equinor i snitt selt olje for 24,4 dollar per fat internasjonalt, medan olja frå norsk sokkel bleie selt for 23,5 dollar per fat. På same tid i fjor var dei tilsvarande oljeprisane 58,2 dollar og 60,3 dollar.

Per Steinar Stamnes i Industri Energi er overraska over at også norsk sokkel gjekk i minus før skatt.

Jon Ingemundsen

Lyspunkt på norsk sokkel

– Det mest positive i rapporten er at den norske verksemda går bra. Særleg anlegga våre på land går veldig bra, seier Stamnes.

Stamnes peiker også på eit anna lyspunkt i rapporten, nemleg effekten av den norske skattepakka.

– Det mest overraskande var at det gjekk i minus før skatt. Hadde det ikkje vore for skatteendringane, hadde det vore minus. Slik har regjeringa bidrege til å styrka norske arbeidsplassar, både hos oss og hos leverandørane.

Den norske verksemda innan leiting og produksjon hadde eit resultat før skatt på minus 85 millionar dollar i andre kvartal. Etter skatt var det derimot 323 millionar dollar på pluss-sida. Til samanlikning gjekk leite- og produksjonsverksemda utanfor Noreg 720 millionar dollar i minus før skatt og 577 millionar dollar i minus etter skatt.

Tala for landanlegga som Stamnes refererer til, finn ein under posten MMP (marknadsføring, midtstraum og prosessering). Her gjekk Equinor heile 1.161 millionar dollar i pluss før skatt, og 696 millionar dollar etter skatt. Dette er nok til at dei smykkar posten med skildringa «rekordhøge resultat».

Medan Stamnes skryter av den norske produksjonen, er han mindre rosande når han skildrar den internasjonale verksemda.

– Strategiane i USA og elles internasjonalt har vore heller dårlege, for å seia det mildt.

– Bør satsa på norsk sokkel

Bjørn Asle Teige, leiar for fagforeininga Safe hos Equinor, var også førebudd på dårlege resultat på grunn av dei låge oljeprisane.

– Men trading var flinke og drog inn 1,1 milliardar dollar i kvartalet. Det viste seg at dei gjorde det svært bra då det var vanskeleg i marknaden, noko som gjorde resultatet mykje betre enn venta, seier Teige.

Også han viser til forskjellen mellom resultata i Noreg og i utlandet.

– Sjølvsagt ligg det mange element bak desse tala, som avskrivingar og skatt. Men det viser seg at når ein har ein vanskeleg periode, så går norsk sokkel svært mykje betre enn utanlandsk sokkel. Norsk sokkel er meir solid. Det seier noko om kvar ein bør satsa, og kvar ein bør vera meir forsiktig. Heldigvis utsette regjeringa skatt slik at ein kan få fram norske prosjekt, seier Teige.

I rute med kostnadsreduksjon

– Equinor melder at dei er i rute med planen for reduksjon av kostnadar. Korleis har dei tilsette fått merka det?

– Det har ein halde på med sidan 2016. Bemanninga er blitt redusert betrakteleg, med over 750 årsverk. Det er blitt meir å gjera for dei som er igjen. Det er blitt meir innleige og utsetting av oppgåver til andre. Dette er ikkje noko me ønsker. Me meiner det er mest effektivt om me har flest mogleg oppgåver sjølve, seier Stamnes.

I ein tale før ferien sa Eldar Sætre at han ser før seg eit mindre og annleis Equinor. Svaret på kva det betyr, var at me skal gå gjennom det etter ferien. Me skal inn i eit partssamansett arbeid der me skal sjå på alle forretningsområda våre. Det er me spente på, seier Teige.

Personskadar

Equinor rapporterer også om kor mange alvorlege hendingar og personskadar dei har hatt dei siste tolv månadane fram til 30. juni. Det var 0,6 alvorlege hendingar per million arbeidstimar, og 2,3 personskadar per million arbeidstimar. Til samanlikning var talet 0,5 for alvorlege hendingar og 2,6 for personskadar på tilsvarande tidspunkt i fjor.

– Det er framleis for høge tal. Det har mellom anna vore for mange fallande gjenstandar. Denne trenden har gått opp, men det vanskeleg å bevisa kva det kjem av. Men eg trur det generelle rammeverket rundt, bidreg, seier Stamnes.

– Det er framleis for mange som skadar seg på jobb. Ideelt sett skal talet vera null. Me har eit pågåande arbeid der me ser på tryggleiken, seier Teige.

Her kan du lese mer om

  1. Norsk sokkel
  2. Equinor
  3. Industri Energi
  4. Safe
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Nortura er i gang med snuoperasjon

  2. Corona-effekt: Har selt 18 prosent meir mjølk

  3. Betalt innhold

    Eit av landets største gartneri investerer i kunstig intelligens

  4. Annonsørinnhold

  5. Tillitsvalgte: Equinor må aldri igjen inngå avtaler som i Angola

  6. Han ledet Equinors USA-fiasko – og knuste bonustaket