Fagforeining truar med streik hos Equinor

– Dette er ikkje berre ei sak om kroner og øre, men om det å bli sett i ein vanskeleg situasjon, seier forhandlingsleiaren frå SAFE.

Levard Olsen-Hagen leiar forhandlingane for fagforeininga SAFE.

Pål Christensen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Fredag fekk arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk olje og gass (NOROG) varsel om plassoppseiing frå fagforeininga SAFE. Ei plassoppseiing inneber at ein seier opp arbeidsavtalar for å seinare kunna setja i verk streik.

Partane har ikkje blitt einige i tariffoppgjeret for dei rundt 800 SAFE-medlemmane som er omfatta av Oljeovereinskomsten.

Varselet gjeld 12 SAFE-medlemmar som jobbar på anlegget til Equinor på Mongstad. Her har SAFE rundt 250 medlemmar, og fagforeininga har ikkje bestemt kven som skal bli tatt ut i ein eventuell streik.

Levard Olsen-Hagen, som er forhandlingsleiar for SAFE, meiner tilsette har strekt seg langt i året som har gått.

– I desse koronatider har ein snudd opp ned på arbeidsplanar for å sikra smittevernet. På ein del anlegg på land har ein auka arbeidstida til 12 timar kvar dag, med to veker på jobb og fire veker av, noko som ikkje er vanleg på landanlegg der tilsette er vane med ha normale kvardagar, seier Olsen-Hagen.

Han viser også til at hendingar som brannen på anlegget på Melkøya og forureininga på Mongstad har bidratt til å gjera året krevjande.

– I fleire selskap speglar ikkje lønstilboda arbeidet som er gjennomført i ei vanskeleg tid. I eitt selskap fekk dei tilsette tilbod om null i tillegg, seier Olsen-Hagen.

Sidan fagforeininga ikkje har bestemt nøyaktig kven som blir tatt ut dersom det blir streik, kan han ikkje gje noko konkret svar på spørsmålet om kva konsekvensar ein streik vil få.

– Det får arbeidsgjevar grubla på, seier han.

Dersom det blir streik, er det i fyrste omgang 12 tilsette på oljeraffineriet på Mongstad som kan bli tatt ut.

Gwladys Fouche / X03825
Les også

Equinor-sjefen skjønner at folk er bekymret: – Litt for mange hendelser

– Lokale utfordringar

Olsen-Hagen fortel at Oljeovereinskomsten skil seg frå ein del andre avtalar ved at han legg opp til at mykje skal bli løyst lokalt. Den sentrale avtalen blir ikkje signert før dei lokale forhandlingane er i hamn.

– Den lokale dialogen er ikkje som han bør vera. Dette er ikkje berre ei sak om kroner og øre, men om det å bli sett i ein vanskeleg situasjon. Det blir ei spesiell mekling fordi mykje av meklinga vil dreia seg om lokale utfordringar.

Om meklinga hos Riksmeklaren, som startar 15. februar, ikkje fører fram, vil SAFE vurdera ei utviding av plassoppseiinga.

NOROG: Håper på løysing

– Me registrerer at det er tatt ut plassoppseiing og håper å koma til ei løysing gjennom mekling, seier Kolbjørn Andreassen, kommunikasjonsleiar i NOROG, som ikkje ønsker å kommentera saka nærare.

SAFE-medlemmane som er omfatta av Oljeovereinskomsten jobbar hos Equinor ASA (Mongstad, Kårstø, Hammerfest, Sture/Kollsnes, Tjeldbergodden, Valemon og Martin Linge kontrollrom), A/S Norske Shell (Ormen Lange), Esso Norge AS (Slangentangen), Lundin Norway AS, Wintershall Dea Norge AS, KCA Deutag Drilling Norge AS og Alexela Sløvåg AS.

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. Streik
  2. Equinor
  3. Mongstad
  4. Safe
  5. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Hindra Schlumberger-streik på overtid

  2. Ingen streik blant ansatte i oljebransjen

  3. Betalt innhold

    Ernst styrer testsenteret på Mongstad: – Vi er rockestjerner i utlandet, men blir fort ein vits i Norge

  4. Fugleforskarar har funne noko som kan redusera kollisjonsfaren med turbinblad

  5. Betalt innhold

    Nye eigarar vil ha ny direktør: – Veldig vemodig