Equinor-elektrikar fekk brannskade. No er granskinga fullført

Petroleumstilsynet fann fleire alvorlege regelbrot då dei granska hendinga som førte til at ein elektrikar fekk brannskadar på Kårstø.

Kårstø-anlegget ligg i Tysvær kommune i Rogaland.

Pål Christensen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Den 25. juli i fjor blei ein elektrikar alvorleg skada på Kårstø-anlegget.

Elektrikaren, som var tilsett hos Equinor, utførte vedlikehaldsarbeid då det oppstod ei kortslutning. Ulykka resulterte i andregrads forbrenningar fleire stadar på kroppen.

Kortslutninga førte til at det oppstod ein lysboge. Temperaturen til ein slik boge kan koma opp i mange tusen gradar celsius.

Hadde elektrikaren pusta inn meir giftig røyk og gass enn han gjorde, kunne han ha mista livet, ifølgje granskingsgruppa til Peteroleumstilsynet (Ptil).

Gassco er operatør for anlegget, og Equinor er teknisk tenesteytar.

Les også

Equinor-sjefen vil skjerpe sikkerheten – får klart svar

Alvorlege brot

Ptil er no ferdig med granskinga av hendinga. Dei fann alvorlege brot på regelverket.

Den direkte årsaka var ein teknisk svikt i ein skiljebrytar i starterskuffen.

Men Ptil har også identifisert fleire andre årsaker som ligg bak hendinga. Blant desse er manglande oppfølging av tiltak etter pålegg etter tilsyn i 2016. Desse pålegga fekk Gassco og Equinor (då: Statoil) etter at Ptil førte tilsyn med det elektriske anlegget og vurderte risikoen for store ulykker på Kårstø.

Granskingsgruppa har etter hendinga i fjor påvist avvik som gjeld leiing og styring, arbeid i og drift av elektriske anlegg, risiko- og levetidsvurderingar, informasjon, tekniske driftsdokument og avviksbehandling.

Både Gassco og Equinor får fleire pålegg som følgje av funna i rapporten.

Tilbake i jobb

– Det er veldig beklageleg at dette skjedde. Slikt skal ikkje skje. Det som er positivt i det heile, er at han som blei skadd, kom tilbake i arbeid ikkje så lenge etter hendinga, seier Trond Nordal, direktør for prosessanlegg og lisensstyring hos Gassco.

Han fortel at Gassco og Equinor gjennomførte strakstiltak og raskt starta arbeidet med sin eigen interne granskingsrapport.

– No vil me fokusera på dei seks avvika i rapporten frå Ptil og jobba systematisk for å koma opp med gode tiltak.

18 forbetringar

– Dette er ei hending me tar svært alvorleg, seier John Høines, Equinors anleggsdirektør for Kårstø.

Han viser til den interne granskinga dei har gjennomført saman med Gassco.

– Det er identifisert fleire viktige læringspunkt. Me jobbar med til saman 18 forbetringstiltak på Kårstø, og me har gjennomført tiltak som skal hindra at liknande hendingar skal inntreffa.

Equinor tar også med seg funna i granskingsrapporten til Ptil, og vil følgja opp pålegga.

Økonomiske tap

Kårstø-anlegget mottar og behandlar naturgass og kondensat frå rundt 30 felt i Nordsjøen og Norskehavet. Dei tyngre komponentane blir skilde ut, og gassen blir sendt vidare i røyr til kontinentet.

Delar av Kårstø-anlegget var stengd i cirka seks døgn etter ulykka. Equinor har rekna seg fram til at ulykka kosta mellom sju og åtte millionar kroner, inkludert nedetid og materielle skadar.

Fleire alvorlege hendingar i 2020

Equinor fekk tidlegare i år fleire pålegg etter at ei lysboge oppstod på Statfjord B-plattforma i august. Her blei to personar frakta til sjukehus fordi dei blei utsette for røyk. Equinor såg svært alvorleg på hendinga og forsikra at dei ville følgja opp det som gjekk fram av Ptil-granskinga.

Ptil starta gransking av 13 alvorlege hendingar på norsk sokkel i løpet av 2020, og Equinor var ansvarleg selskap i ni av tilfella. I februar i år innrømte konsernsjef Anders Opedal at selskapet ikkje er der det skal vera når det gjeld tryggleik. «Me har hatt for mange alvorlege hendingar», sa Opedal i eit intervju med Aftenbladet/E24.

Les på E24+

Equinor-topp om ulykker på sokkelen: – Jeg har noen arr

Les også

Full splid: Fagforeninger nekter å godta Equinor-toppens svar til Ptil

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. Gassco
  2. Kårstø
  3. Statfjord
  4. Petroleumstilsynet

Flere artikler

  1. Mer Equinor-kritikk: Kortslutning kunne gitt alvorlig brannskade

  2. Bellona-Hauge utfordrer Equinor til offentlig gjennomgang etter brannrapporter

  3. Equinor-topp etter intern branngransking: – Helt uakseptabelt

  4. Equinor innrømmer: – Vi må bli flinkere

  5. Fagforeining truar med streik hos Equinor