Nortura-tillitsvald fryktar at 450 jobbar er i fare i Rogaland

– Det er ei veldig dårleg sommarhelsing å senda til dei tilsette, seier klubbleiaren hos Nortura på Forus etter at konsernet la fram planar om milliardinvesteringar på andre anlegg.

Ken Ove Sletthaug er klubbleiar for om lag 300 tilsette hos Nortura på Forus. Bildet er tatt i 2016. Det var allereie då snakk om at arbeidsplassar på anlegget stod i fare for å forsvinna.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:,

Framtida til Nortura-anlegget på Forus har lenge vore uviss, og Aftenbladet har omtalt saka både i 2014 og 2016. Måndag denne veka la Nortura fram ein fireårig industriutviklingsplan for raudt kjøt som peiker vidare i same retning.

– Det som er nytt no, er at det er tidfesta, og at dei kommuniserer heile planen. Han er rimeleg dramatisk for Rogaland om han blir gjennomført slik det no ligg føre, seier Ken Ove Sletthaug som er klubbleiar for Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) hos Nortura på Forus.

Ifølgje planen kan slaktinga som i dag skjer på Forus, i Egersund og på Sandeid, koma til å bli flytta til Kviamarka i Hå, der Nortura vurderer å gjera store investeringar. Dermed vil mange slakteri-arbeidsplassar truleg bli verande i regionen. Men tilsette på Forus driv også med skjering og foredling av kjøtprodukt. Dei produserer mellom anna 11.500 tonn pølser i året. Nortura trur det er meir lønsamt å samla pølseproduksjonen i Tønsberg.

Planen legg opp til at Nortura skal ta endelege avgjerder i løpet av dei komande fire åra.

– Litt fluffy

Sletthaug hevdar at 450 tilsette kan bli til overs i Rogaland, om ein ser samla på anlegga på Forus, Sandeid og i Egersund.

– Desse arbeidsplassane vil oppstå på Austlandet. Nokon vil flytta til Kviamarka, men det er ikkje mange, seier han.

Som tillitsvald for kring 300 tilsette skal han vera med i dei vidare utgreiingane fram mot endeleg avgjerder.

– Eg har åtvara leiinga mot å gå ut med planen allereie no, sidan det er så mykje som er uavklart. Planen er basert på ei rekke utrekningar som går heilt tilbake til 2014, og dei børstar støv av gamle rapportar. Eg meiner han ikkje tek tilstrekkeleg høgde for endringane som har skjedd sidan den gong. Det blir litt fluffy. Det er ei veldig dårleg sommarhelsing å senda til dei tilsette som har stått på heile døgnet gjennom koronatida.

Måndag hadde Sletthaug ein svart travel dag, med 22 møte i avtaleboka.

– Planen er demotiverande for dei tilsette. Eg ser det i ansikta deira.

Han meiner det er feil å legga ned verksemda på Forus.

– Det er det beste anlegget Nortura har. Heile foredlingsfabrikken blei bygd ny i 2006, og det er me som har kome lengst med ny teknologi.

– Men kva meiner du då Nortura bør gjera for å vera rusta for framtida?

– Eg har ingen problem med å stilla meg bak det at me må ta ut overkapasitet. Men då synest eg at me skal ta ut dei stadane der det faktisk er det. Her sviv anlegget 24 timar i døgnet.

Eigarane bad om planen

Når Sletthaug hevdar at planen baserer seg på utdaterte rapportar, svarer Lisbeth Svendsen, direktør for produksjon i Nortura, følgjande:

– Nortura står aldri stille, og heldigvis har me gjort kontinuerlege forbetringar på alle anlegga våre sidan 2014. Me skal gjennom nye detaljutgreiingar for å sikra at reknestykka og faktaa står seg før me tek avgjerder.

Ho meiner at både selskapet, eigarane og fleire tilsette ønskte at planen skulle koma ut allereie no.

– Dei hadde behov for å sjå samanheng og retning. Dette blei også veldig forsterka under årsmøtet der eigarane bad om ein heilskapleg plan. Dette er ei ramme som skal bli greidd ut i detalj, og i denne utgreiinga skal dei involverte partane vera med.

Svendsen er heilt einig med klubbleiaren om at anlegget på Forus leverer godt.

– Det finst ingen dårlege anlegg hos Nortura. Eit anlegg kan prestera godt, men me lever av heilskapen. Kva anlegg som skal halda fram, er basert på ei heilskapleg vurdering der me mellom anna ser på kvar varene blir produserte, kvar dei blir foredla, kvar dei skal ut til sluttkunden og korleis me kan redusera kompleksiteten. Dei største kundane våre har etablert store grossistlager på Austlandet. Me kan ikkje gjera store investeringar i ny teknologi mange stadar.

Her kan du lese mer om

  1. Nortura
  2. Forus
  3. Kjøtt
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Vil møta Nortura for å berga arbeidsplassar

  2. Nortura skal investere 1,4 milliarder i ny teknologi

  3. Oljebase-selskap vil satsa på lakseoppdrett

  4. Annonsørinnhold

  5. Hevdar store kjeder vil hit: – Må endra dei konservative handelsreglane

  6. Forseinking i Irland kostar Tine 10 millionar kroner i månaden