Nøkkelart lever «i særklasse av elendigheit» nær oljefelt

Hypotesen til havforskarane er at den viktige tobisen tar skade av høg oljeaktivitet. Equinor er blant dei som vil ha klare svar.

For å ha det bra, treng tobisen sandbotn. Tobisen grev seg ned i sanden om natta, og her tar han seg også ein vinterdvale.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Tobis til middag?

Kanskje ikkje, for den mest kjente og kjære matfisken er tobisen neppe. Men viktig i næringskjeden, det er han. Han er definert som ein nøkkelart i økosystemet i Nordsjøen. Han er mat for mange fiskeartar, sjøpattedyr og sjøfugl.

Tidleg på 2000-talet var det ein dramatisk nedgang i tobis-bestanden i norsk sone av Nordsjøen.

Havforskningsinstituttet har kartlagt korleis det går med havsilen, den dominerande tobisarten i norsk sone, på oppdrag frå Miljødirektoratet. Direktoratet treng denne informasjonen når dei skal ta stilling til søknadar frå selskap som vil driva verksemd i eller ved tobisområda.

Espen Johnsen er bestandsansvarleg havforskar hos Havforskningsinstituttet.

– Tobisen har henta seg inn igjen frå dårleg til god status i sør. På leveområda lenger nord, har han ikkje greidd dette, seier havforskar Espen Johnsen.

For å betra tilstanden for tobisen, innførte staten ei ny nasjonal forvaltning frå 2011. Ifølgje Havforskningsinstituttet har tiltaka i hovudsak fungert bra. Vikingbanken er unntaket.

Dei gule felta er tobisfelta i norsk sone. I sør er det betring, men på Vikingbanken står det framleis dårleg til med nøkkelarten.

Johnsen meiner at tilstanden ved Vikingbanken er «i særklasse av elendigheit» for tobisen. Ein årsak kan vera at det blei fiska så mykje tobis i området at det no er for få igjen til at ein kan bygga opp igjen bestanden.

Oljehypotese

Medforskar Bjørn Einar Grøsvik trur også at andre typar menneskeleg aktivitet kan vera ein del av forklaringa.

– Vikingbanken er langt meir belasta av petroleumsaktivitet enn dei andre områda, seier han.

Vikingbanken ligg nedstraums for Tampenområdet. Her er det fleire store olje- og gassfelt. Forskarane legg til grunn at heile 57 millionar kubikk produsert vatn blir sleppt ut frå Tampenområdet årleg. Slikt vatn inneheld restar av olje og kjemikaliar.

– Når det gjeld oljeforureining veit me frå andre artar at risikoen er høgast for egg og fiskelarvar. Dette vil særleg gjelda tobisen, sidan både egg og larvar ligg i sanden der uønskte stoff kan samla seg opp over tid, seier Grøsvik.

Havforskarane har ein hypotese om at tobis i område med høg oljeaktivitet har lågare overleving og reproduksjon over tid. Men det må fleire forsøk til for at dei skal kunna bekrefta dette.

Bjørn Einar Grøsvik er miljøkjemikar og har forska mykje på oljeeksponering av fisk.

Hol i kunnskapen

– Rapporten viser at det er kunnskapshol når det kjem til tobisen si sårbarheit for oljeeksponering, seier Cecilie Østby, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.

Direktoratet merker seg at Havforskningsinstituttet trekk inn utslepp frå industrien som ein av fleire moglege årsaker til manglande gjenoppbygging av bestanden på Vikingbanken.

– Det er vanskeleg å få oversikt over den samla belastninga som har vore over tid, og det er ikkje sikkert me kan få klare svar på dette. Det er uansett viktig å sjå på alle påverknadsfaktorane, seier Østby.

Miljødirektoratet vil no vurdera om kunnskapen frå rapporten gjev grunnlag for å endra reguleringa av aktiviteten i og ved Vikingbanken og ved dei andre tobisområda.

Equinor ønsker forsking

Eskil Eriksen, pressetalsperson fro Equinor, fortel at selskapet er i dialog med Havforskningsinstituttet og andre industriaktørar for å setja i gang eit nytt forskingsprosjekt om tobis.

– Rapporten frå Havforskningsinstituttet peiker på kunnskapsbehov. Kunnskap er viktig for oss slik at me kan operera forsvarleg i område der tobisen er til stades, seier Eriksen.

Tobis i havvindområde

I tillegg til forureining kan også installasjonar og graving på botnen kunna øydelegga for tobisen, som er avhengig av ein spesiell type grus. Både dei undersjøiske installasjonane til oljenæringa og havvind-anlegg som er festa i havbotnen, kan gje fisken slike problem, ifølgje forskaren Grøsvik.

– Det er naturleg at botnpåverknad på tobis må bli vurdert ved planlegging av havvind i område som overlappar med tobishabitat, seier Østby i Miljødirektoratet.

Sørlige Nordsjø II er eitt av dei to norske områda som er opna for havvind. Delar av området overlappar med eit tobisfelt.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Havforskningsinstituttet
  2. Olje
  3. Fisk
  4. Miljødirektoratet
  5. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Duva-feltet starter opp med høye olje- og gasspriser: – Timingen er veldig gunstig

  2. Betalt innhold

    Forhandler om offshore-giganten: – Viktig at de ikke kollapser

  3. Støre går grønt: - Oljealderen er snart over

  4. Skuffet over motstanden mot oljestans: – Det tar så inderlig lang tid

  5. Oljeproduksjonen stanses og anlegg evakueres: – Orkansesongen kom litt overraskende på