Equinor-topp skal gje ministeren eksportråd

Irene Rummelhoff i Equinor og Borghild Lunde i Aibel skal bidra til at «Business Norway» blir det regjeringa og næringslivet ønsker seg.

Irene Rummelhoff er konserndirektør for marknadsføring, midtstraum og prosessering i Equinor. Her er ho fotografert på Monstad-anlegget.

Marit Hommedal
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Nyleg lanserte regjeringa eksporthandlingsplanen «For og med norsk næringsliv».

Ein del av planen er opprettinga av «Business Norway». Denne eininga skal samla kompetanse for å bygga eit sterkare samarbeid med næringslivet. Regjeringa har foreslått at det blir sett av 75 millionar kroner til å støtta opp under strategiske satsingar i Business Norway til neste år.

Eit midlertidig eksportpanel med representantar frå næringslivet skal gje råd og innspel til arbeidet med Business Norway. I ei pressemelding frå næringsdepartementet går det fram at Irene Rummelhoff i Equinor og Borghild Lunde i Aibel skal vera med i panelet, som skal ha møte i haust. Næringsminister Iselin Nybø leiar panelet.

I pressemeldinga uttaler Nybø at det største ankepunktet næringslivet har hatt mot verkemiddelapparatet så langt, er at næringslivet sjølv ikkje har vore godt nok involvert.

Ministeren er glad for at dei to har takka ja til å vera med, då Equinor er ein viktig representant for norsk energinæring, og Aibel representerer ein godt utvikla leverandørindustri.

Den samla norske eksporten var i fjor på 1.311 milliardar kroner, ifølgje departementet. Sidan 2014 har han auka med 87 milliardar kroner.

Les også

Regjeringen setter av 100 millioner til å styrke norsk eksport

Her kan du lese mer om

  1. Aibel
  2. Equinor
  3. Iselin Nybø
  4. Eksport
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Regjeringen setter av 100 millioner til å styrke norsk eksport

  2. Betalt innhold

    Disse skal gi næringsministeren råd om strategisk eksport

  3. Sverdrup-olje gir eksportrekord til Kina

  4. Annonsørinnhold

  5. Aibel vinner Equinor-avtale: Kan sikre seg kontrakter i milliardklassen

  6. 1,4 milliarder i ny krisepakke til reiselivet: – Ikke tilstrekkelig, sier LO-leder