Fiskarar om havvind: – Me druknar i ein sterk lobby

Fiskarlaget kritiserer havvindprosjektet Hywind Tampen. – Kritikken er rettmessig, svarer Equinor.

Equinors flytande havvindanlegg Hywind Tampen er under bygging. Fiskarlaget meinar dei ikkje blei høyrde før prosjektet blei godkjent.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Fiskarane har ikkje sagt nei til havvind, men me opplever at me druknar i ein sterk lobby, seier Jan Henrik Sandberg, seniorrådgjevar i Noregs Fiskarlag, som er ein fag- og næringsorganisasjon for yrkesfiskarar.

Fiskarlaget er blant dei mange som har levert høyringssvar til regjeringa sitt forslag til rettleiar for tildeling av havvind-område. I fyrste omgang trengst slike retningslinjer for tildelinga av dei to utlyste områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II, men fleire område kan bli aktuelle i framtida.

Fiskerinæringa består av meir enn 10.000 fiskarar, og ho bidrar til 18.600 årsverk langs kysten, ifølgje Fiskarlaget. Dei skriv at norske fiskarar opplever at fiskeområda deira er under stadig større press.

Les også

Enorm interesse for norske havvindutbygginger

Jan Henrik Sandberg, seniorrådgjevar i Noregs Fiskarlag, kritiserer regjeringa sitt forslag til havvind-rettleiar.

Fiskarlaget hevdar at det er «langt enklere å lobbyere for etablering av ny vindkraftutbygging til havs, enn å ivareta hensynet til vår tradisjonelle, lønnsomme og subsidiefrie høsting av sjømat».

Dei konkluderer med at utkastet til rettleiar «i alt for liten grad tar hensyn til fiskeriene».

– Utviklinga av havvindnæringa må skje på ein måte som fremmar norsk industriutvikling og god sameksistens, seier statssekretær i Olje- og energidepartementet, Tony Christian Tiller (H), etter å ha blitt kjent med kritikken frå Fiskarlaget.

Han viser til at olje- og energiminister Tina Bru har oppretta eit samarbeidsforum for havvind der også fiskerinæringa er med. Dei møttest for fyrste gong i september.

– Regjeringa legg opp til at omsynet til andre næringar, miljø og samfunn skal bli vurdert i fleire ledd av konsesjonsprosessen, seier Tiller.

Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II er dei to fyrste norske områda som er opna for havvindutbygging.
Les også

Havvind-utbygging: Havforskarar åtvarar om store kunnskapshol

Hywind Tampen: – Rettmessig kritikk

Bygginga av Equinor sitt havvindanlegg Hywind Tampen er allereie godt i gang, noko som skjer uavhengig av dei to områda som blei lyste ut av regjeringa i fjor. Her skal 11 turbinar kunna generera til saman 88 megawatt.

– Hywind Tampen var ein dårleg oppstart for havvind i Norge. Me sa ja til prosjektet, men føresetnaden var at me skulle få til reell sameksistens. I sør deler søknaden eit fiskefelt i to. Ingenting av det me sa, blei tatt til følgje. Utfallet av prosjektsøknaden var bestemt på førehand. No må fiskarane våre i staden bruka meir drivstoff for å kunna ta same kvote som før, seier Sandberg.

Krafta frå Hywind Tampen skal bli brukt på Snorre- og Gullfaks-felta i Nordsjøen. Prosjektet får 2,3 milliardar kroner i støtte frå statlege Enova.

– Kritikken frå Fiskarlaget knytt til Hywind Tampen er rettmessig, seier Magnus Frantzen Eidsvold som er pressetalsperson i Equinor.

– Me kom ikkje tidsnok i dialog med fiskerinæringa i dette prosjektet. Det var ulike årsaker til det, men konsekvensen var uansett at det blei for lite tid til drøfting og gjennomføring av moglege avbøtande tiltak. Noko fekk me på plass i fellesskap, men prosessen leid av at me kom skeivt ut frå starten av, held Eidsvold fram.

Han fortel at dei ved framtidige utbyggingar vil gå i dialog langt tidlegare, og bruka meir tid på å finna fram til løysingar. Også han viser til det nyetablerte samarbeidsforumet.

– Aktørane utviklar eit stadig betre kunnskapsgrunnlag rundt havvind og sameksistens. Dette vil gje eit betre utgangspunkt for gode avgjerder når det etter kvart skal bli bygd storskala vind på norsk sokkel.

Hywind Tampen-kritikken frå Fiskarlaget er også fremma for departementet.

– I arbeidet med opning av område legg me til rette for at dialog med andre næringsinteresser skal bli oppretta i ein tidleg fase av konsesjonsprosessen, seier Tiller.

Magnus Frantzen Eidsvold er pressetalsperson for satsingane til Equinor innan fornybar energi.
Les også

Equinors gigantprosjekt i havvind har nådd en milepæl

– Systematisk undervurdert

Fiskarlaget har akseptert ei viss utbygging i Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II. Det har dei gjort fordi dei har fått høyra at berre avgrensa delar av desse områda skal bli tatt i bruk.

– Det viktigaste for oss er at vindkraftverka ikkje blir plasserte i fiske- og gyteområde, og at dei ikkje påverkar bestandane negativt, seier Sandberg.

Ifølgje Sandberg opplever fiskarar i Skottland at havvindanlegga skremmer fisk, særleg fiskeslag som sild og makrell.

– Forskinga seier at ein veit alt for lite om det, seier Sandberg er bekymra for mangelen på kunnskap.

Det skal bli gjennomført konsekvensutgreiingar før nokon får bygga noko, men erfaringa til Fiskarlaget «er at konsekvensutredninger har blitt gjennomført på en måte som systematisk har undervurdert hensynet til havmiljø, gyte- og oppvekstområde, sjømattrygghet og en allerede eksisterende fiskerinæring.»

– Me bør kartlegga meir i detalj i forkant av konsekvensutgreiingane, helst gjennom forskingsprogrammet Mareano, seier Sandberg.

Statssekretær Tiller viser til at aktørar som vil bygga, må henta inn informasjon om kva verknadar vindkraftanlegget vil ha på blant anna fisk og fiskerinæringa før dei kan få konsesjon. Konsekvensutgreiingane blir sende ut på høyring.

– Så her er det mogleg å koma med innspel til ytterlegare undersøkingar, seier han.

Les også

Stavanger-ordføraren seier nei til havvind på auksjon

Les også

Tror på norsk havvindomsetning på 80–100 mrd.: – Satser ganske betydelige ressurser

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Havvind
  2. Fiskeri
  3. Equinor
  4. Utbygging
  5. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Equinor konkurrerer om fransk havvind

  2. To steg nærare karbonlagring og skattejakt på havbotnen

  3. Tysk energikjempe på jakt etter norske leverandørar: – Gjeld å ikkje koma for seint til festen

  4. Nøkkelart lever «i særklasse av elendigheit» nær oljefelt

  5. Havvind-selskap med milliard-ambisjonar flyttar frå Oslo til Rogaland