Bransjeforeining avviser helikopterkrav frå LO

19 passasjerar per helikopter er for mykje, hevdar LO og viser til brev frå Helsedirektoratet. Norsk olje og gass er ikkje einig.

Eit helikopter frå Bristow fotografert på Statfjord B-plattforma i 2019.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Tysdag gjekk helikopterutvalet hos LO ut med eit krav om at all helikopterflyging med fulle helikopter må opphøyra.

Ein periode blei berre 12 av 19 sete i helikoptera tekne i bruk for å redusera smittefaren. Då det igjen blei opna for 19 seter, sende fagforeininga Industri Energi eit brev til Helsedirektoratet der dei bad om ei helsefagleg vurdering av praksisen. Etter at dei fekk svar på brevet, følgde helikopterutvalet opp med å krevja endring i praksisen.

LO tolkar svar frå Helsedirektoratet

«Vår tolkning av svaret er at FHI er på linje med Helsedirektoratet og at deres anbefaling er at midtsete skal være ledig», skriv Henrik Solvorn Fjeldsbø, leiar for helikopterutvalet hos LO og forbundssekretær i Industri Energi, i eit brev til arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk olje og gass.

Helsedirektoratet viser til at den oppdaterte utgåva av smittevernrettleiaren for luftfart legg opp til at ein kan bruka alle seta på fly. «Vi vurderer at dette også bør gjelde for helikoptre. Helsedirektoratet anbefaler likevel at man, i tråd med EASAs anbefalinger og generelle råd, tilstreber økt avstand (ett ledig sete) mellom personer i helikopteret der det er mulig med hensyn til antall passasjerer, last m.v.», skriv direktoratet i svaret til Fjeldsbø.

Overlege Didrik F. Vestrheim hos Folkehelseinstituttet skriv til Fjeldsbø at dei ikkje kjenner til sikker dokumentasjon som gjeld smitte i fly og helikopter. Men han konstaterer at «avstand er det viktigste tiltaket for å redusere smitterisiko».

– I ordinær luftfart kan ein velja om ein vil utsetta seg for auka risiko. Som offshorearbeidar har ein ikkje moglegheit til å la vera å fly, sa Henrik Solvorn Fjeldsbø då han la fram kravet om færre helikopterpassasjerar.

Industri Energi

Arbeidsgjevarane vurderer saka annleis

Onsdag sender Øystein Joranger, direktør for drift hos Norsk olje og gass (Norog), svar til LO. Her viser han til anbefalinga Norog kom med 9. juni:

«Gitt dagens smittetrykk og lave smittetall («R») anses det som smittevernfaglig forsvarlig, dersom petroleumsvirksomhetens ekstraordinære barrierer kan opprettholdes, å praktisere maks antall passasjerer lik 19 passasjerer på tilbringerflyvningene fra heliportene til innretningene.»

Joranger siterer også smittevernrettleiaren for luftfarten: «Per 12.06.20 er risikoen i samfunnet lav, og risikoøkningen med passasjerer i alle seter vil være begrenset.»

– Me meiner vurderinga me gjorde i midten av juni, framleis er forsvarleg ut frå dagens smittepress. I rettleiaren er det ikkje ei direkte anbefaling om å ha frie midtsete. Bransjen har sett i verk andre smitteverntiltak. Dei er relativt omfattande, med kartlegging og bruk av karantene. Testing er også på trappene, seier Joranger ti Aftenbladet/E24.

– Korleis stiller du deg til anbefalinga frå Helsedirektoratet om å «tilstrebe» eitt ledig sete der det er mogleg?

– LO tolkar nok dette litt vidt slik me ser det. Brevet og rettleiaren seier heilt klart at det ikkje er eit krav om ledig sete.

Hilde-Marit Rysst viser til at oljeselskapa har sett i verk mange andre tiltak for å hindra smitte.

Hanne Marie Lenth Solbø

Safe: – Greitt med 19

Hilde-Marit Rysst er leiar i fagforbundet Safe. Dei stiller ikkje det same kravet som LO.

– Me ønskjer ikkje å vera nokon pådrivar for å auka smitte. Men me må ta innover oss at me har tatt enormt mange forholdsreglar som har gjort at me gudskjelov har lite smitte. Så lenge alle reglane og rutinane blir haldne, og smittebildet er som no, er Safe ikkje direkte imot å ha 19 passasjerar, seier ho.

Safe-leiaren er ikkje kjent med brevet Fjeldsbø har fått frå Helsedirektoratet, så Aftenbladet les det opp for ho.

– Det er vanskeleg å forholda seg til. Det er inga god forklaring på kvifor ein i den eine setninga skal ha lik anbefaling som på fly, før ein i neste setning anbefaler noko anna, seier ho etter å ha fått høyra innhaldet.

Her kan du lese mer om

  1. Koronaviruset
  2. Helsedirektoratet
  3. Industri Energi
  4. Safe
  5. Norsk olje og gass
  6. helikopter
  7. LO
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. LOs helikopterutvalg: - All helikopterflyging med 19 passasjerer må opphøre

  2. Equinor krever at oljearbeidere bruker munnbind

  3. Skeptisk til fulle helikoptre med oljearbeidere

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Norske loser slår korona-alarm: – Det er tilnærmet umulig å holde avstand

  6. Nå skjerpes trolig reglene på serveringssteder. Restauranteiere varsler konkursras.