Desse karane vil byggje hydrogenfabrikk på Mongstad. Frå venstre: Sturle Bergaas (Equinor), Bjørn Sundland (BKK) og Steinar Madsen (Wilhelmsen).

Bjørn Erik Larsen
Kommentar

Det neste oljeeventyret

Hydrogen er stoffet som kan redde både klimaet og oljeselskapa.

  • Hans K. Mjelva
    Kommentator i Bergens Tidende
Publisert:

Sist måndag stod tre karar i ein steinhaug på Mongstad og erklærte at dei vil bygge ein hydrogenfabrikk.

Tomta ligg rett ved oljeraffineriet, det største punktutsleppet for CO₂ på det norske fastlandet.

Det var òg her Jens Stoltenbergs månerakett skulle skytast opp. Den står framleis på bakken, men putrar og går i form av eit verdsleiande testsenter for CO₂-fangst.

Les på E24+ (for abonnenter)

Her vil dei bygga hydrogenfabrikk til ein milliard kroner

Planane om hydrogenfabrikken har ein viss slektskap til Stoltenbergs månelanding. Equinor er nemleg med. Akkurat denne fabrikken skal lage hydrogen av elektrisk straum. Men for Equinor er det ikkje målet.

Det olje- og gassdominerte energiselskapet vil, akkurat som Stoltenberg, skape ei framtid for norsk gass i fornybarsamfunnet. Og det kan skje ved at naturgass blir omgjort til hydrogen, der CO₂-et blir skild ut og lagra.

Den andre biten av dette ekstremt viktige strategiske puslespelet ligg tre mil lenger sør, på Kollsnes i Øygarden. Der vil Equinor, saman med oljeselskapa Shell og Total, bygge eit anlegg for mottak av CO₂.

Prosjektet heiter Northern Lights, og skal sende CO₂ frå Kollsnes i røyr ut i Nordsjøen. Der skal klimagassen pumpast 2500 meter ned og lagrast. Vonleg for alltid.

I første omgang skal prosjektet fange klimagass frå bossanlegg i Oslo og ein sementfabrikk i Telemark. Men for Equinor og deira gasspartnarar er draumen at Kollsnes blir staden der deira naturgass i framtida blir vaska fri for CO₂.

Men då må det vere nokon som treng hydrogenet. Og der kjem hydrogenfabrikken på Mongstad inn. Grunnen til at dette prosjektet har langt større sjansar for å ta av enn Stoltenbergs månerakett, ligg i kven som er med.

Tomta til den planlagte hydrogenfabrikken på Mongstad, med testsenteret («måneraketten»), oljeraffineriet og råoljeterminalen i bakgrunnen.

Foto: Bjørn Erik Larsen

I tillegg til Equinor er det kraftselskapet BKK, franske Air Liquide og reiarlaget Wilhelmsen. Franskmennene står for teknologien, BKK for straumen og Wilhelmsen for etterspurnaden.

Reiarlaget skal bygge to hydrogendrivne konteinarskip, som skal gå i rute mellom Mongstad og Stavanger. I tillegg til at det skaper ein marknad for hydrogenet, skal det etter planen frakte hydrogen i konteinarar og dermed lage eit distribusjonsnett for ferjer, skip og hurtigbåtar.

Fabrikken på Mongstad er nøkkelen til å få i gang hydrogen-revolusjonen på Vestlandet. BKK står i bresjen for ei samarbeid som òg inkluderer ferje- og hurtigbåtreiarlaget Norled, Viking Cruises, hamneselskap, forsking og den maritime næringsklyngja NCE Maritime Cleantech.

Både dette samarbeidet og ei ambisiøs skipsfartsnæring kan få mykje å seie for verfta og hundrevis av små og store selskap som utgjer den maritime næringa i Noreg. Spesielt for Vestlandet kan dette bli svært viktig, etter kvart som oljeinvesteringane går ned.

Den som har følgt med, veit at mange har drøymt lenge om hydrogensamfunnet – fornybarsamfunnet der hydrogen erstattar olje som den viktigaste energiberaren.

Hydrogen har ikkje heilt slått til enno. Fornybar-revolusjonen har i stor grad handla om batteri.

Men framover vil hydrogen bli viktigare. Ein årsak er at hydrogen (og biproduktet ammoniakk) har nok energi til å drive tungtransport, skip, industri og større fly utan klimautslepp.

Equinor og BKK vil bli konkurrentar i framtida. Hydrogen skapt av naturgass med CO₂-fangst, såkalla blått hydrogen, er billigare enn hydrogen skapt av straum.

Men prisen på fornybar kraft fell raskt. NVE spår difor at hydrogen laga av straum bli billigare enn gass-produsert hydrogen før 2030. Andre spår at det vil skje nokre år seinare.

Men det norske CO₂-lageret kan endre reknestykket. Det vil bli det første storskala lagringsanlegget i verda. Dessutan vil regjeringa truleg ta rekninga for å bygge anlegget.

Prislappen er venta å bli mellom 11 og 17 milliardar kroner. Avgjerda kjem i statsbudsjettet til hausten.

Noregs viktigaste positive klimabidrag til no har vore å sparke i gang den internasjonale marknaden for elbilar. Utvikling av fornybar marin teknologi og verdas første og største CO₂-lager vil bli langt viktigare.

At nokre av dei tyngste norske selskapa no samarbeider om å starte hydrogen-revolusjonen lovar godt. Dei ber om solide bidrag frå staten. Samstundes har selskapa djupe eigeninteresser i at prosjektet blir vellykka, og dei skal investere eigne pengar.

Både CO₂-lagringa og hydrogenfabrikken bygger dessutan på kjend teknologi.

Difor kan hydrogen-samarbeidet og fabrikken på Mongstad verkeleg bli til noko. Månelandinga til Stoltenberg enda opp som tidenes dyraste vits. Planane på nabotomta kan derimot bli det Stoltenberg drøymde om: pakken som kan redde både klimaet og Noregs gassinntekter.

Her kan du lese mer om

  1. Hydrogen
  2. Kommentar

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Her vil dei bygga hydrogenfabrikk til ein milliard kroner

  2. Betalt innhold

    Er dette Norges energi-framtid?

  3. En varslet katastrofe

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Ny priskollaps på vei i oljemarkedet

  6. Endret timing av oljeskattene kan øke investeringene