Hindra Schlumberger-streik på overtid

Ein særavtale hos Schlumberger var grunnen til at Safe og Norsk olje og gass måtte møtast til mekling.

Ekofisk var eitt av oljefelta som kunne ha blitt påverka om Safe-medlemmar hos Schlumberger hadde gått ut i streik.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Rundt klokka tre natt til torsdag blei Norsk olje og gass (Norog) og Sammenslutningen av fagorganiserte i energisektoren (Safe) einige i oljeservicemeklinga. Dette melder Norog på heimesidene sine.

262 tilsette i Schlumberger var klare til å streika frå midnatt dersom meklinga ikkje førte fram. Schlumberger hadde sagt opp særavtalen med Safe, og eit hovudkrav frå Schlumberger skulle var å endra korleis løna til dei tilsette er lagt opp. Dette forklarte Safe til E24 då streikefaren blei omtalt. Dei tilsette hadde ingen økonomiske krav i forhandlingane, og ønskte berre å behalda løns- og arbeidsforholda i særavtalen.

Dei andre klubbane i Safe stilte seg bak dette, då dei frykta ein dominoeffekt med oppseiingar av fleire særavtalar dersom Schlumberger fekk seia opp avtalen sin. Det var meldt plassoppseding for alle dei 705 Safe-medlemmane innan brønn- og boringsservice.

Ifølgje Norog er partane no blitt einige om eit økonomisk oppgjer som er i tråd med rammene for det sentrale frontfagoppgjeret. Dei skriv at oppgjeret er i samsvar med det Norog og Industri Energi tidlegare har kome fram til. Norog er tilfreds med at dei etter det dei kallar for ei krevjande mekling, lykkast med å få til ei løysing med Safe innan Brønnserviceavtalen.

Når det gjeld særavtalen, skriv Norog at «dette problemet blei også løyst i samband med meklinga, men gjorde det ekstra krevjande å koma fram til ei løysing».

Safe skriv at dei vann fram med hovudkravet sitt, og at dei også fekk på plass ein avtale om utanlandsarbeid med Subsea 7.

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Lønnsoppgjør
  3. Schlumberger
  4. Safe
  5. Norsk olje og gass

Flere artikler

  1. Fagforeining truar med streik hos Equinor

  2. Streikefare i oljeservicegigant

  3. Mulig streik kan stenge ned Johan Sverdrup-feltet

  4. Bondeopprørarar om milliardkrav: – Offensivt og positivt

  5. Betalt innhold

    IVAR fekk 50 millionar kroner i støtte. Slit med å oppfylla krava