Equinor kuttar siste band til kontroversiell oljeutvinning

Equinor slutta som oljesand-operatør i 2017. No sel dei også dei siste aksjane dei hadde i næringa.

Bildet er tatt i 2011 ved Satoil sitt demonstrasjonsanlegg for oljesand i Leismer i den kanadiske provinsen Alberta.

Kristian Jacobsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Samanlikna med annan oljeproduksjon, fører utvinning frå oljesand til betydeleg høgare utslepp av klimagassar under sjølve produksjonsprosessen. Metoden er også kritisert for å øydelegga naturen i områda der olja blir utvunnen.

Equinor melde onsdag at dei har selt unna eigarskapet sitt på 100 millionar aksjar i oljesandselskapet Athabasca Oil Coropration. Før salet sat Equinor på 18,8 prosent av aksjane i selskapet. Dei fekk 18 millionar kanadiske dollar for aksjane, eller 120,8 millionar kroner.

– Me har no ingen eigardelar i selskap som er involverte i oljesand, fortel Erik Haaland, talsperson for Equinor.

Aksjane har dei hatt sidan 2017. Dei fekk dei då dei selde oljesandprosjektet Kai Kos Dehseh i den kanadiske provinsen Alberta til Athabasca.

Les på E24+

Forskere: Klimautslipp fra oljesand undervurderes

Les også

Nå skal det ryddes opp utenlands: Equinor-topp varsler kraftige grep

Salet i 2017 førte til at Equinor ikkje lenger er operatør for oljesandutvinning. Equinor, eller Statoil som selskapet heitte den gong, hadde fått mykje kritikk for å vera involvert i slik verksemd. Men i pressemeldinga frå desember 2016, blir salet fyrst og fremst grunngjeve med finansielle omsyn.

I samband med salet i 2017 såg blant anna Greenpeace grunn til å feira. «Greenpeace har sammen med WWF, Den norske kirke og mange andre arbeidet for at Statoil skulle trekke seg ut av tjæresand helt siden Statoil kjøpte seg inn i denne svært forurensende, kontroversielle og kostbare ressursen i 2007», sa Martin Norman i Greenpeace.

– Kvifor har de ikkje selt aksjane før no?

– Dette har vore handtert som ei finansiell investering, og me har ikkje hatt styrerepresentasjon eller vore involverte i drifta av selskapet. Det blei vurdert at dette var rett tidspunkt og moglegheit til å selja aksjane, svarer Haaland.

Les også

KLP selger seg ned i fem selskaper innen oljesand

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. Equinor
  2. Oljepris
  3. AftenbladetE24

Flere artikler

  1. Får ikke svar om hvem som eier Angola-partner

  2. Anslår at Equinor har tjent 11 milliarder dollar i Angola

  3. Equinor-partner etter skuffende Brasil-leting: – Siste ord er ikke sagt

  4. Equinor-elektrikar fekk brannskade. No er granskinga fullført

  5. Equinor vant frem i milliardstrid i Nigeria