Rosenberg-sjefen: – Det kjem til å jobba 1500 personar på prosjektet neste år
– No startar den store jobben, sa olje- og energiminister Tina Bru då ho feira Jotun-oppdraget saman med leiarar og tilsette hos Rosenberg.
Klubbleiar Erlend Nygård helsar på olje- og energiminister Tina Bru med Jotun A ruvande i bakgrunnen.
Produksjons- og lagringsskipet Jotun A la til kai ved Rosenberg Verft den 30. juni. Verftet skal rusta opp det 233 meter lange og 42 meter breie skipet på oppdrag for oljeselskapet Vår Energi.
– Det kjem til å jobba 1500 personar på prosjektet når det er på topp neste år, seier verftsdirektør Jan T. Narvestad i Rosenberg Worley.
Torsdag markerte Stavanger-verftet starten på det store oppdraget med taler, kake og ministerbesøk.
– Det er 20 år sidan me har hatt en så stor jobb, seier Narvestad.
Jotun-skipet tilbake i Stavanger: – En skikkelig god nyhet på et viktig tidspunkt
500 av dei tilsette hos Jan T. Narvestad er allereie mobiliserte til Jotun-prosjektet.
Klar for det grøne skiftet
Erlend Nygård er klubbleiar for nærare 350 fagorganiserte i Fellesforbundet på verftet.
– Oppdraget betyr veldig mykje for oss. Det er eit stort prosjekt som vil bidra til god sysselsetting framover.
– Oljenæringa har mellom anna argumentert med at dei er ein nødvendig del av det grøne skiftet når dei har bede om å få støtte gjennom koronakrisa. Kva rolle trur du eit prosjekt som dette kan spela for det grøne skiftet?
– Om det ikkje finst store industribedrifter som dette, så er det ingen som kan handtera dei jobbane som må bli gjort for å handtera det grøne skiftet. Me treng å halda oppe drifta for å kunna investera i nye prosjekt, som til dømes havvind. Så står me klare til å ta vår del av det grøne skiftet. Eg skulle ønska det grøne skiftet var her no. Men dei grøne prosjekta treng tid til å modna før me kan bygga dei, seier Nygård.
Skryt frå ministeren
– No begynner den store jobben, seier olje- og energiminister Tina Bru idet ho startar talen til dei frammøtte.
Ho nyttar høvet til å skryta av Jotun-oppussinga, som er ein del av Balder Future-prosjektet til Vår Energi og Mime Petroleum. Desse investerer 19 milliardar kroner for å rusta opp Balder-området i Nordsjøen. Ministeren set stor pris på at dei vil bruka ressursar på å gje området lengre levetid.
– Olje og gass er sjølve motoren i norsk økonomi. Næringa har ei lys framtid med nye moglegheiter, seier Bru og ønskjer dei frammøtte lykke til med arbeidet.
– Eg har aldri stått på ein så vêrutsett talarstol før, sa Tina Bru då ho starta talen med Jotun-skipet bak seg.
Teknologiutvikling
Medan det regnar skrått over dei kakespisande gjestene, spør Aftenbladet kva Bru ser om ho ser prosjektet i lys av det grøne skiftet.
– Dette er teknologiutvikling som kjem godt med i det grøne skiftet. Ein tener ikkje pengar på havvind i fyrste omgang, så prosjekt som dette held kjernekompetansen gåande, svarer ministeren.
Aktørar i havvind-bransjen håper på meir støtte gjennom statsbudsjettet for å kunna satsa på flytande havvind i Noreg. Rosenberg er i gang med å utvikla eit eige prosjekt innan flytande havvind.
– Eg kan ikkje lova noko. Det er så mange som treng statleg støtte, seier Bru før ho og aktørar frå Rosenberg og Vår Energi går av garde for å sjå det rustne oppussingsobjektet frå innsida, utan pressa på slep.