Kongen vil framleis vera beskyttar for ONS
– Dette oppmuntrar oss til å jobba hardare for å nå måla våre, seier ONS-generalen.
Kong Harald har besøkt ONS fleire gongar. Bildet er tatt i 2010, då noverande ONS-sjef Leif Johan Sevland hadde rolla som Stavanger-ordførar.
Kongehuset har kunngjort at kong Harald vil vera beskyttar for ONS fram til 2025. Dette melder eit takksamt ONS.
Beskyttarskapet må fornyast kvart femte år, og ONS fekk fyrste gong denne æra i 1974.
ONS-messa samlar aktørar frå olje- og energibransjen annakvart år i Stavanger.
– Den kongelege beskyttelsen oppmuntrar oss til å jobba hardare for å nå måla våre, seier ONS-sjef Leif Johan Sevland på Facebook-sida til messa.
Han meiner at dette viser at ONS er ein viktig møtestad og ei bru inn i energiframtida.
I år blei messa avlyst, og ho fekk 21 millionar kroner i støtte frå staten.
Kongeleg beskyttarskap har ein lang tradisjon i Norge. No fungerer ho som ei anerkjenning innanfor viktige område av samfunnslivet. Tidlegare kunne det dreia seg om faktisk, fysisk vern.
Satsingsområda til Kongefamilien er med på å avgjera kva søknadar som blir godkjende. For å få ja, må organisasjonen også ha ordna økonomi og ikkje vera kontroversiell.
ONS bruker hele krisestøtten på å betale mer tilbake til utstillerne
«Norges største årlige oljemesse» flytter fra Bergen til Stavanger
Her kan du lese mer om
Flere artikler
Innovasjonstopp: – Eg søkte, blei grilla og fekk jobben
Fekk IT-jobb: – Trudde det var umogleg med så mange hol i CV-en
Slår alarm: – Næringa er i ein kritisk situasjon
- Annonsørinnhold
Sak i Høgsterett: Hevdar innleigde offshore har fått for lite løn
Med dette anlegget vil Q-meieriene stela fleire kundar frå Tine