EKOFISK: Høsten 2019 var det 50 år siden det norske oljeeventyret startet. Hvor lenge vil det vare?

Carina Johansen
Kommentar

Oljepanikk på Stortinget

Oljenæringa brukar koronakrisa til å presse gjennom ei radikal skatteendring, utan at konsekvensane blir vurderte. Det bør stoppast.

  • Hans K. Mjelva
    Kommentator i Bergens Tidende
Publisert:

Tysdag 7, april, då Stortinget vedtok den andre krisepakken til næringslivet, gav opposisjonen eit oppdrag til regjeringa: Få på plass ei støtteordning for olje- og gassindustrien innan utgangen av april.

I oljebransjen var det god stemning. For det låg berre eitt forslag klart, og det kom frå dei:

La oljeselskapa få skrive av investeringane på skatten året dei blir gjort, i staden for over seks år. Ordninga skal vare i to år. Ifølgje Norsk olje og gass vil ikkje dette koste staten ei krone.

Det vil seie: Berre det første året vil staten tape 82 milliardar i skatteinntekter, men mesteparten av det vil dei tene inn att åra etter. Så lenge oljeselskapa går med store nok overskot, vel å merke.

Poenget, seier oljenæringa, er at dei får tilgang på kapital i ei krise der mangel på pengar hindrar dei i å investere.

Med kravet til regjeringa har Stortinget gjort seg sjølv ei bjørneteneste. Dei har skapt eit massivt press for å få gjennom ei høgst diskutabel ordning, utan at det er tid til å greie ut konsekvensane og alternativa.

Forslaget frå oljenæringa er ikkje så uskuldig som dei vil ha det til. Skattesystemet gjer det allereie svært gunstig å investere på norsk sokkel.

Oljeselskapa betalar sjølve berre 12 prosent av det utbyggingane kostar. Resten betalar staten.

Ifølgje Finansdepartementet gjer skattesystemet at investeringar som ikkje er lønsame for samfunnet, blir lønsame for oljeselskapa.

Viss selskapa i tillegg får trekke heile investeringa av på skatten allereie det første året, i staden for over seks år, blir ordninga endå meir gunstig. Alle næringar ønskjer seg ei slik ordning, fordi det i røynda ligg eit stort subsidieelement i den.

Kor stort, er ein komplisert skatteteknisk krangel mellom oljeselskapa og Finansdepartementet.

Uansett er det liten tvil om at oljeindustrien får langt meir att for å investere enn andre næringar, noko ein av landets fremste ekspertar på petroleumsskatt, UiO-professor Diderik Lund, nyleg påpeikte.

Og det er noko av kjernen i saken: Kvifor vil staten at det skal investerast ekstra mykje i akkurat oljen?

Krisa i oljenæringa er høgst reell, om enn ikkje fullt så akutt som næringa og deira politiske klakørar i Frp, Senterpartiet og tankesmia Manifest vil ha det til. Følgjene kan bli svært dramatiske for leverandørindustrien.

Koronaviruset har skapt eit enormt fall i etterspurnaden etter olje. Oljeprisen har falt frå rundt 60 til 20 dollar fatet, noko som gjer at fleire oljefelt i Nordsjøen ikkje lenger er lønsame. Oljeselskapa har varsla store kutt i investeringane.

Hadde problema for oljenæringa vore forbigåande, ei konjunkturkrise, ville det vore litt meir logikk i ei så kraftig støtteordning. Men storheitstida er over for norsk oljenæring, anten ein likar det eller ikkje.

Investeringane var på veg ned frå før. Trass rekordmange borehol, er det smått med nye funn. Dei store, internasjonale oljeselskapa har reist.

Og så kjem denne klimagreia.

Før nokon hadde høyrt om koronaviruset, hadde verdas investorar byrja å snu ryggen til oljenæringa. Sjølv om oljeselskapa tente godt med pengar, fall aksjekursane.

Equinor og andre selskap prøvde å motverke dette ved å dele ut rause utbytte og kjøpe eigne aksjar, men skrifta var og er på veggen: Fossilt brensel har inga lang framtid i ei verd som må få ned klimautsleppa radikalt og raskt.

Koronakrisa har gjort framtida til oljeselskapa endå meir uviss. Alt tyder på at verda i år vil få den djupaste økonomiske nedturen sidan 1930-talet, og at det vil ta mange år før verdiskapinga i verda er tilbake på 2019-nivået igjen.

Verda vil då ikkje trenge like mykje olje og gass. Marknaden prisar i skrivande stund olje til under 40 dollar fatet fram til sommaren 2022, og under 50 dollar til 2026. Og viss ikkje oljeselskapa vil dele ut feite utbytte, kven vil då investere i oljeaksjar?

Vel, svaret frå Stortinget kan fort bli: Det norske folket. Ved å gjere skattesystemet endå meir gunstig for oljeselskapa, satsar staten på at oljeutvinning vil bli lønsamt i lang tid framover.

Å gje oljenæringa livsforlengjande hjelp på denne måten, betyr òg at ein utset ei omstilling av leverandørindustrien som uansett må kome.

Men akkurat dette er litt komplisert:

For det finst ikkje i dag andre kundar eller marknader som er i nærleiken av å erstatte det som no ligg an til å forsvinne frå oljeselskapa.

Analyseselskapet Rystad rekna seg nyleg fram til at investeringane på norsk sokkel vil falle med mellom 56 og 72 milliardar kroner frå 2019 til 2022. Halvparten av fallet skuldast koronakrisa, resten skuldast at det ikkje finst nye felt å bruke pengar på.

I tillegg kjem effekten av koronakrisa på oljeinvesteringar i utlandet, der mange norske selskap har vendt seg for å vege opp for fallet på norsk sokkel.

Det skal veldig, veldig mange havvindmøller til for å erstatte desse oljeinvesteringane, for å seie det slik.

Difor bør ikkje Stortinget utelukke å stimulere oljeinvesteringar heilt, for å sikre at ein får med seg den viktigaste kompetansen over i det leverandørindustrien skal leve av etter oljen. Kva enn det måtte vere.

Oljenæringas skatteforslag kan det bli fleirtal for på Stortinget allereie neste veke, viss Ap seier ja. Det vil i så fall bli nok ein spiker i kista for Ap som eit ansvarleg styringsparti.

I staden for å hoppe på dette skatteforslaget i panikk, må Stortinget no gje regjeringa tid til å greie ut både dette forslaget og alternativa skikkeleg. Noreg står her framfor eit historisk viktig vegval.

Krisetiltaka må brukast slik at dei peikar framover, og stimulerer ei omstilling norsk økonomi uansett må gjennom.

Denne kommentaren ble først publisert i Bergens Tidende.

Her kan du lese mer om

  1. Norsk sokkel
  2. Oljeindustrien
  3. Nordsjøen
  4. Oljeinvesteringer
  5. Politikk
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Kraftfôr er blitt milliardbutikk

  2. Opning for statleg lånegaranti tar havvind-aktørane eitt steg nærare gigantutbygging

  3. Betalt innhold

    «Ein farleg cocktail for økonomien»

  4. Annonsørinnhold

  5. Rosenberg-sjefen: – Det kjem til å jobba 1500 personar på prosjektet neste år

  6. Slaktebåten får sigle, men staten har hindra at det kjem nye