Med dette verktøyet vil dei spara skattebetalarane for milliardar

Aarbakke Innovation på Bryne har fått 5,5 millionar kroner i støtte frå Forskningsrådet. Målet er å kutta gravferdsrekninga til oljebrønnane med milliardar av kroner.

Ingeniørane Jone Kalheim, Reid Skjærpe, Torfinn Bjelland, Henning Hansen og Rune Fjetland hos Aarbakke Innovation utviklar eit verktøy som skal kunna fjerna den såkalla «microtuben». Her er dei saman med modulane som skal fresa ut og gripa tak i tuben.

Finn E. Våga
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Det er fantastisk! seier dagleg leiar Reid Skjærpe, dagleg leiar hos Aarbakke Innovation på Bryne.

Denne veka blei det klart at teknologi-investeringsselskapet har sikra seg 5,5 millionar kroner i støtte frå Forskningsrådet til eit prosjekt som skal bidra til å gjera plugginga av oljebrønnar mykje billigare. Målet er at ein skal kunna gjennomføra operasjonen utan bruk av rigg.

– Det er ei samfunnsoppgåve å bidra til gravferda til oljebrønnane. Det kostar samfunnet mange milliardar, for 78 prosent av blir dekt av staten. Me trur me kan bidra til at ein sparer 50 prosent av kostnadane for plugging og forlating av oljebrønnar, seier Skjærpe.

Fleire tusen oljebrønnar

Martin Knut Straume er sjefingeniør for plugging av brønnar hos Aker BP, som er med på prosjektet.

– I desse tider er sparekniven inne over alt. Så dette prosjektet hadde nok blitt sett på vent utan støtta. Me utviklar teknologi som gjer at me får tilgang til billigare verktøy, samstundes som me held liv i industrien som utviklar industrien me treng.

Han gjev Forskningsrådet honnør for å støtta utviklinga av den nye teknologien.

– Den store gulrota er at når me får denne teknologien og noko anna på plass, så kan me gjennomføra plugginga med billigare fartøy. Då sparer både me og staten pengar, så det er skattepengane våre det gjeld. På sikt er det totalt 2–3000 brønnar i Noreg som må pluggast.

Aker BP-ingeniøren har ikkje rekna ut kor mykje rimelegare operasjonane kan bli.

– Men om me kan fjerna 30 prosent av kostnadane, så er det veldig bra. Ein borerigg kan kosta tre til seks millionar kroner til dagen. Då kan me fort spara fleire millionar per brønn. Me har ein portefølje på kring 200 brønnar, seier Straume.

Eit komplisert verktøy, kort forklart

«Kvalifisering og demonstrasjon av MTR for mogleggjering av rigglaus P & A» er namnet på prosjektet. Skjærpe tar utfordringa på strak arm når han blir beden om å gjera det forståeleg for utanforståande.

Den ytste delen av eit oljerøyr er ifølgje Skjærpe eit fôringsrøyr. På innsida er det eit produksjonsrøyr. For at ein skal kunna forlata ein oljebrønn, må desse vera plugga med betong.

Utfordringa oppstår fordi det i mellomrommet mellom desse to røyra også er det Skjærpe kallar for ein «microtube», som mellom anna blir brukt til å frakta kjemikaliar og til å henta opp informasjon frå djupet. Denne kan ein ikkje tetta med betong, og han vil derfor utgjera ein potensiell fare for lekkasje.

Kort fortalt, så vil Skjærpe og kollegaane gjera det mogleg å fjerna «microtuben» frå røyret, slik at ein kan plugga produksjonsrøyret og la det bli ståande. Alternativet til dette er at ein må fjerna heile produksjonsrøyret, som kan vera tre kilometer langt.

– Om ein skal fjerna heile produksjonsrøyret, må ein bruka rigg, seier Skjærpe.

Straume i Aker BP fortel at det også er pengar å spara dersom dei slepp å bruka pengar på reingjering av røyra, som skal bli skrapjern.

– Røyra er dessutan risikoavfall fordi dei har eit småradioaktivt belegg på innsida. Dette kjem av at me også produserer vatn, og dette inneheld barium. Om dette held seg i bakken med barrieren, er det den sikraste plassen me kan ha det, seier Straume.

Har satsa mange millionar

Aarbakke Innovation er mellom anna eigd av Inge Brigt Aarbakke, leiaren av den store oljeleverandørbedrifta Aarbakke AS, og Westco AS. Skjærpe er sjølv inne på eigarsida.

– Me har brukt nærare 30 millionar kroner frå eiga kasse på prosjektet. Det er det største prosjektet me har hatt når det gjeld kostnadar, seier Skjærpe, som håper prosjektet kan visa seg å bli det største også når det kjem til inntekter.

Han finn fram ei tidslinje der milepælar for prosjektet er teikna inn.

– Me søkte patent i 2014. På det meste har fem ingeniørar hos oss jobba på prosjektet. No er me klare for fase to. Til neste år håper me på å testa ut ein pilot. Aker BP stiller med pilotbrønn, seier Skjærpe.

Også i 2016 fekk dei støtte frå Forskningsrådet.

– Då fekk me 8,9 millionar kroner, i tillegg til 2,5 millionar frå BP Norge. Etter kvart har også Innovasjon Norge kome med midlar. Etter at fusjonen med Det Norske kom på plass, har Aker BP gradvis delteke meir med finansiering og støtte, seier Skjærpe.

Mest olje, men også fornybart

Rekneskapen til Aarbakke Innovation for 2019 er ikkje klar endå, men ifølgje Skjærpe kjem tala til å visa at drifta går i pluss for fyrste gong sidan oppstarten.

– Eg trur det blir 39 millionar i omsetting, noko som er nesten ei dobling, og eit driftsresultat på 8,5 millionar kroner i pluss. Som jærbu kjenner eg at det er godt å få cash inn i selskapet. Me har brukt seks år på å få fotfeste.

I 2018 omsette dei for 20 millionar kroner. Både driftsresultatet og årsresultatet blei då 3,4 millionar kroner i minus, ifølgje rekneskapen hos Brønnøysundregistrene.

Skjærpe er no leiar for 18 tilsette.

– I tillegg har me to innleigde som me har henta inn den siste travle tida.

Med opphav i Aarbakke AS, er det ikkje uventa at det fyrst og fremst er oljenæringa ingeniørbedrifta fokuserer på. Men i det siste har dei også teke nokon steg ut i fornybarnæringa.

– No ser me på hydrogenproduksjon av metangass frå gjødsel saman med Agri-E, som fekk støtte frå Enova i vinter. Og for eit par veker sidan blei me kontakta om eit flytande havvind-prosjekt. Dette er midt i kjernen av det me ser på som morgondagen.

Her kan du lese mer om

  1. Aker BP
  2. Tina Bru
  3. Ingeniører
  4. Bryne
  5. Aarbakke AS
  6. Aarbakke
  7. Teknologi
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Europa-satsing bidrog til femti prosent auke i omsetting

  2. Betalt innhold

    Eit av landets største gartneri investerer i kunstig intelligens

  3. Leiar milliardsatsing: Skal forsyna New York med Equinor-vind

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Nye leiarar hos Øglænd: – Me kom inn midt i ein perfekt storm

  6. Betalt innhold

    Jordvernar trur nye E39 kan gje vinn-vinn-situasjon