Oljebase-selskap vil satsa på lakseoppdrett

NorSea vil inn i havbruksnæringa. I fyrste omgang laks. I neste omgang kan det bli tare.

John Egil Stangeland i NorSea, her fotografert på forsyningsbasen i Dusavik, ser mot havbruksnæringa for å finna nye satsingsområde.

Jonas Haarr Friestad
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

– Me vil sjå om det er mogleg å etablera landbaserte oppdrettsanlegg, seier John Egil Stangeland, konsernsjef i NorSea Group.

NorSea er størst i landet innan forsyningsbasar og logistikktenester til olje- og gassindustrien, ifølgje selskapet sjølv.

– Me har tru på at oljeindustrien vil halda fram i mange tiår framover. Men samstundes må me begynna å tenka på andre ting.

Det var iLaks som fyrst omtalte oppdrettsanlegg-planane til selskapet.

Treng samarbeidspartnar

– NorSea Group eig store anlegg og basar langs kysten, mellom anna i Kristiansund og Hammerfest. Det er her me meiner det er mest aktuelt med slike anlegg. I Hammerfest er det ei stor fiskeriklynge rundt anlegget vårt, seier Stangeland til Aftenbladet/E24.

Dei siktar seg inn mot anlegg for postsmolt.

– Fleire og fleire oppdrettarar etablerer slike anlegg. Då lar dei fisken vera i anlegg på land fram til han er 8–900 gram før han går ut i merdane i fjordane.

No er Stangeland og selskapet hans på jakt etter den rette samarbeidspartaren.

– Me har gjort utgreiingar for å sjå på eventuelle teknologiske eller biologiske avgrensingar. Utgreiinga viser at det fullt mogleg å laga anlegg.

Med i tangselskap

Men det er ikkje berre oppdrettsnæringa NorSea ser på som eit mogleg satsingsområde.

– På sikt trur me at det vil bli ledig kapasitet på anlegga våre som me vil bruka inn i andre næringar. Og då ser me generelt mot havbruk, som er ein viktig del av det som blir kalla for ocean space. Fiskeoppdrett er næringa innan havbruk som har størst aktivitet på noverande tidspunkt.

Stangeland fortel at dei har kjøpt seg inn i Polar Algae AS.

– Selskapet skal hausta grisetang i Finnmark. Då treng dei ei kai og eit anlegg for å ta imot og prosessera tangen. Dei er heilt i oppstartsfasen med forsøk, så der vil me satsa meir framover.

Stangeland trur det kan ta noko meir tid før anlegga i Rogaland, som ein finn i Dusavik og Tananger, vil ha plass til nye næringar.

– Her er det no rimeleg tettpakka med olje og gass. Men det er også viktig for Stavanger-regionen å bygga opp ein annan type logistikk og hamneaktivitet som kan gje konkurransekraft utover olje og gass.

Havvind

Havvind er i vinden for selskap som tenker på kva som er vegen vidare etter olja. Dette gjeld også NorSea.

– Vindsatsinga vår går hovudsakleg føre seg i selskapet vårt i Hamburg. Der har me nesten 100 tilsette. Me driv mellom anna vedlikehald på transformatorstasjonar offshore, seier Stangeland.

Hovudeigaren til NorSea Group er eit Wilhelmsen-selskap.

– Selskapet i Tyskland er eigd 50 prosent av oss og 50 prosent av Wilhelmsen Ship Management. Me håper den norske marknaden etter kvart vil gje oss høve for å satsa på havvind her også. Me har lang erfaring med å bygga støttefunksjonar rundt drifta av store installasjonar.

Stangeland følgjer dessutan spent med på kva som kan koma til å skje innan mineralutvinning til havs.

– Skal ein driva med dette, treng ein eit system rundt det. Me er den største kai-eigaren i Noreg.

«Rimeleg greitt» i 2019

Rekneskapen for 2019 er foreløpig ikkje levert.

– Eg vil ikkje gå ut med tal, men fjoråret gjekk rimeleg greitt. Det var ein liten oppsving i olje- og gassmarknaden. Næringa var begynt å koma opp frå kneståande, og planane våre sa at no skulle det koma eit par-tre gode år for offshore, seier Stangeland.

Men slik blei det som kjent ikkje, med koronapandemi og bratt nedgang i oljeprisen.

– Hadde ikkje tiltakspakka frå staten kome, hadde det vore ganske alvorleg. Pakka gjev eit pusterom. Det er viktig å bruka tida medan ein har styringsfart til å få opp andre aktivitetar som ikkje er avhengige av oljeprisen og store, nye oljefelt.

NorSea har tidlegare vore nøydd til å redusera talet på tilsette.

– I dag har me rundt 13–1400 tilsette i inn- og utland, om ein reknar med deleigde selskap. Det blir ikkje reduksjon i talet på tilsette denne runden. Men me er under press og må driva meir effektivt. Det blir i alle fall ikkje ein kraftig auke i talet på tilsette.

Les også

Ny toppsjef på plass i Norsk olje og gass

Les også

Sørkoreanske Dongwon inn i norsk lakseselskap: Håper på børsnotering i år

Les også

Her lukter det ikke fisk – det lukter penger

Les også

Tror torsken slår laks på landbasert oppdrett: Avler opp fisk på 25 kilo uten trøbbel

Les også

Aker tror en milliard skal sprøytes inn i de nye fornybarselskapene

Her kan du lese mer om

  1. Oppdrettsnæring
  2. Oljebransjen
  3. Norsea Group
  4. NorSea
  5. Kristiansund
  6. Fisk
  7. Tananger
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Rosenberg-sjefen: – Det kjem til å jobba 1500 personar på prosjektet neste år

  2. Betalt innhold

    Nye leiarar hos Øglænd: – Me kom inn midt i ein perfekt storm

  3. Nortura-tillitsvald fryktar at 450 jobbar er i fare i Rogaland

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Eit av landets største gartneri investerer i kunstig intelligens

  6. Vil møta Nortura for å berga arbeidsplassar