To rekordår på rappen for Aarbakke: – Ventar store prosjekt i slutten av 2021

I fyrste omgang vil Aarbakke prøva å bli «grønast» i sin del av oljeleverandørindustrien. På sikt ser dei etter andre bein å stå på.

Inge Brigt Aarbakke fekk i fjor med seg Westco på eigarsida då Hitecvision selde seg ut.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

– Me har vore ein kanonbra gjeng som har sprunge vanvitig for å få det til, seier Inge Brigt Aarbakke, dagleg leiar av Aarbakke AS som produserer delar til olje- og gassindustrien.

I 2020 sette Bryne-bedrifta rekord med éin milliard kroner i driftsinntekter, opp frå 937 millionar i 2019. Resultatet før skatt blei 151 millionar kroner i fjor mot 129 millionar i 2019. Dette går fram av årsrekneskapen som no er tilgjengeleg.

Selskapet hadde ved utgangen av 2020 299 årsverk, to fleire enn året før. Men dei har også leigd inn arbeidskraft, opptil 35 personar når det har vore som travlast.

– 2021 vil vera eit mellomår der me blir påverka av at subsea er litt nede ei stund. Men me ventar store prosjekt i slutten av året. Då vil me gjerne tilsetta fleire, seier Aarbakke som på den fyrste arbeidsdagen i august har tatt imot 18 lærlingar.

Les på E24+

Hitecvision går ut av Aarbakke, Jacobsen-familien kommer inn

Planter på taket

I påsken delte Aarbakke AS eit bilde av eit påskeegg med grønt fargefilter på Facebook. Her annonserte dei at dei vil bli «verdens grønneste leverandør til oljeindustrien i våre fagfelt innen 2025».

– No skal me rulla ut planter på taket, og når nybygget er på plass, får me brukt ein million kilowatt varme som i dag går tapt. Dessutan er me heldige som får fornybar straum, seier Aarbakke.

Men burde Aarbakke heller ha satsa på andre næringar enn oljebransjen for å få lov til å smykka seg med grønfarge?

– Oljeindustrien treng å gjera produkta sine grønare. Der har me sagt at me skal vera nummer éin, seier Aarbakke.

At oljebransjen vil bli mindre i framtida enn han er i dag, er også Aarbakke klar over.

– Me jobbar kvar dag for å finna nye bein å stå på. Eg veit litt om kvar me skal, men eg kan ikkje seia så mykje om det. Me jobbar aktivt med to-tre bransjar.

Noko kan han fortelja, og det er at Aarbakke håper på å kunna levera utstyr til plugging av oljebrønnar i løpet av året. Dette er basert på teknologi som er utvikla av Aarbakke Innovation med støtte frå Forskningsrådet.

Eksporterer halvparten

Rundt halvparten av prosjekta Aarbakke leverer til, er utanfor Norges grenser, ifølgje sjefen. Nokon av oppdraga går via norske firma, så i rekneskapen ser talet lågare ut.

Rett før ferien fekk Aarbakke eit stort prosjekt på 60–70 millionar kroner i Mosambik.

– Utanlandsdelen har auka heile vegen. Eg trur det vil bli 50–60 prosent eksport framover. Me er blitt meir konkurransedyktige ved å bygga opp døgndrift og robotisera.

Endå meir konkurransedyktige håper Aarbakke at dei vil bli når dei om nokon år får samla heile verksemda si på éin stad, i staden for å vera spreidd på fem adresser.

Bedrifta er i gang med prosjekteringa av ei utviding av hovudfabrikken på Bryne. 300 millionar kroner skal gjera han rundt 10.000 kvadratmeter større.

– Me håper å setja spaden i jorda ved årsskiftet og flytta inn i fyrste halvår av 2023, seier Aarbakke.

Les på E24+

Det kunne gått riktig ille for oljeleverandøren. Nå har de vokst ut av lokalene sine.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Aarbakke AS
  3. Aarbakke
  4. Oljeindustrien

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Trass konkurskrav har Miris framleis tru på datatårnet på Bryne

  2. Betalt innhold

    Renaa om 2020-tala: – Ikkje så gale som frykta

  3. Nordic Edge: Stavanger vil testa persondrone i 2023

  4. Her møtest oljeleverandørane for å bli grønare

  5. Plast og vaksine bidrog til sterkt resultat for Veen-familien