MARVIN HALLERAKER
Kommentar

Solbergs hydrogen-strategi kan vere byrjinga på noko bra

KOMMENTAR: Noreg har ikkje lenger råd til å bruke milliardar på klimatiltak som ikkje bygger framtidas arbeidsplassar.

  • Hans K. Mjelva
    Kommentator i Bergens Tidende
Publisert:
Dette er en kronikk
Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til E24 her.

I august kom ein rapport som viser at norsk økonomi har eit problem. «Knapt noe OECD-land har hatt svakere utvikling i eksport enn Norge de siste 25 årene», konkluderte Menon Economics.

Rapporten viser at inntektene frå olje og gass har gjort norske regjeringar late. Dei har ikkje trengt å fremje anna norsk eksport. Noreg brukar få ressursar i høve til andre land, og eksporttiltaka som finst er dårleg styrt og samordna.

Les også

Erna Solberg vil satse på hydrogen

Der våre naboland måtte satse knallhardt for å fremje tradisjonell eksport, har norske politikarar kunne slappe av på ei oljefylt pute.

Resultatet er at handelsunderskotet utan oljen har auka frå 179 til 401 milliardar kroner dei siste ti åra. Hadde ikkje Noreg hatt inntektene frå eksporten av olje og gass, ville landet med andre ord gått med 400 milliardar i underskot.

Sjølv med inntektene frå oljen og gassen gjekk Noreg i fjor såvidt i pluss. Når oljeinntektene går ned utover på 2020-talet vil dette bli eit stort problem, viss vi ikkje klarer å lage andre ting og tenester vi kan eksportere.

Arbeidarpartiet har lenge kritisert regjeringa, med rette, for mangel på ambisjonar og mål i industripolitikken.

Hydrogenmeldinga regjeringa la fram i juni, ramsa til dømes berre opp eksisterande initiativ, utan å vise noko klar retning.

Les også

Stormen på øya: Kampen mot møllene

Men no kan det sjå ut til at regjeringa har lagt av seg noko av hemningane mot statsstyring. Sist veke lanserte Høgre-leiar Erna Solberg ein langt meir ambisiøs hydrogenstrategi enn i juni-meldinga.

«De neste årene skal vi bruke milliarder», sa Solberg. Pengane vil ho bruke på infrastruktur og anbod for nullutsleppsskip. I tillegg la ho til ting som ikkje kostar pengar, som reguleringar og påbod. Målet er no å «stimulere til fullskala produksjon og bruk av hydrogen».

Hovudpunktet var at staten skal målrette støttetiltaka rundt nokre få «knutepunkt», i staden for rundt om i landet. Her skal bruk og produksjon koplast saman, mellom anna på Mongstad, der BKK, Equinor og Wilhelmsen har planar om ein hydrogenfabrikk.

Høgre vil òg samarbeide med naboland om å gjere ferjetrafikken til ei «nullutsleppssone», og krevje nullutslepp på innanlands ferjesamband som ikkje kan elektrifiserast.

Dette er svært viktig, både for å skape ein marknad for hydrogen og for ny teknologi frå norske skipsverft og teknologileverandørar.

Det som framleis manglar er at regjeringa tør å talfeste ambisjonane.

Danmark har til dømes ambisjon om å doble grøn eksport innan 2030, medan Tyskland same år skal ha brukt ni milliardar euro for auke produksjonen av grøn hydrogen til 5 gigawatt. EU sin «Green Deal» har som hovudprinsipp å kople kutt i klimautslepp med oppbygging av nye næringar og arbeidsplassar.

Talen til Solberg bør difor vere startskotet for at Noreg òg koplar klimatiltak, industribygging og eksport langt meir kynisk og målretta enn til no.

Les også

Røkke har gått fra 2 til 12 milliarder kroner i fornybar-verdier i år

Kostbare ordningar som ikkje bygger opp under norsk verdiskaping, som avgiftsfritaket for elbilar, bør difor under lupa. Noreg har «tatt ein for laget» og fått i gang den internasjonale marknaden for elbilar. Det kostar staten 10 milliardar i tapte avgifter i året. No kan den hjelpa trappast ned.

Koronakrisa har skapt eit ein noko usunt fokus i delar av næringslivet, om å få mest mogeleg støtte ut av staten. Det kjem på toppen av dei mange sjansane for statsstøtte som ligg i klimaomstillinga.

Staten må bidra med pengar for å setje i gang klimaomstillinga, som i andre land. Tiårets feitaste støttepakke i så måte er venta i statsbudsjettet. Då vil regjeringa løyve opp til 27,6 milliardar kroner til eit system for fangst og lagring av CO₂.

Men skal Noreg lykkast med å hjelpe fram levedyktige eksportbedrifter, må næringslivet sjølv stille opp med mesteparten av kapitalen. Auka risiko skjerpar vala og aukar sjansen for å lykkast.

Viss næringslivet skal satse, må dei vite mest mogeleg om framtida. Uvisse stoppar investeringar. Difor er stabile rammevilkår og konkrete ambisjonar, som dei Solberg kjem med, viktige.

Tydlege og føreseielege mål kan fortelje bedrifter kvar det er lurt å satse og ikkje, og kan òg hjelpe regjeringa til å målrette både støttetiltak, utsleppskrav og andre rammevilkår.

Onsdag fekk vi eit døme på korleis ein ikkje skal gjere det: Fylkesrådmannen i Vestland vil no utsetje innføringa av nullutslepps hurtigbåtar frå 2024 til 2028.

Les på E24+

Equinor har betalt 420 millioner kroner til et forskningssenter i Angola som aldri er bygget

Leverandørane seier dei vil klare 2024-fristen, anten det blir med batteri eller hydrogen. Då er det rett og slett meiningslaust viss eit prosjekt med så stor nasjonal betydning stoppar opp fordi fylkesordføraren vil vere på den sikre sida.

Ei utsetjing til 2028 kan føre til at norske verft og teknologileverandørar mister forspranget i utvikling av nullutsleppsfartøy. I verste fall kan ein sjanse til å bygge opp ei viktig eksportnæring gleppe.

Då eg las danskanes planar for å klimaomstille næringslivet, slo det meg kva fantastisk potensial Noreg har.

Les også

Alternativene til vindkraft: Dette kan det koste

Danskane vil, i tillegg til hydrogen frå vindkraftsatse på mellom anna karbonfangst og lagring og nullutsleppsskip. På båe dei to siste felta ligg Noreg langt framfor danskane.

Det er ingen grunn til at Noreg skal ligge bak på hydrogen heller, anten det er sjølve produksjon eller utvikling av fartøy som kan bruke stoffet.

Og det er her frustrasjonen i den meir innovative delen av næringslivet har vore dei siste åra: alt ligg til rette for at Noreg kan bli verdsleiande på fleire felt, men det vil ikkje skje utan at regjeringa peikar ut ei klar retning.

Politikken må hengje saman, uansett om det er regjeringa eller fylket som tek avgjerda.

Det er eit internasjonalt kapplaup om å bli teknologileiande i dei nye, grøne næringane. Ikkje minst i asiatiske land som Kina og Sør Korea blir det satsa enormt på å vinne denne konkurransen, i tillegg til danskar, tyskarar og mange andre.

Noreg har ikkje tid å miste.

Difor bør Solbergs hydrogen-tale vere byrjinga på slutten for den norske oljesvevnen.

Her kan du lese mer om

  1. Kommentar
  2. Eksport
  3. Hydrogen
  4. Næringsliv
  5. Erna Solberg
  6. Kommentar
mail
E24

Start dagen med

Morgengryn Logo

Hold deg oppdatert på de viktigste nyhetene, de siste nøkkeltallene, og dagens kalender. Tilbudet er gratis.

Flere artikler

  1. Meir industri og eksport med Arbeidarpartiet

  2. Vil gjera Noreg til ei grøn kjempe med store, statlege investeringar

  3. Utsleppa går ned, og vi har kontroll på dei

  4. Annonsørinnhold

  5. Betalt innhold

    Nokon grønne selskaper kan tene store pengar. Andre vil tape når bobla sprekk

  6. Sjeføkonom overraska over låg oljepengebruk