Onsdag sette Sør-Rogaland straumrekord

Mykje vatn i magasina kjem godt med når kulda får straumforbruket til å nå nye høgder.

Det er uvanleg kaldt i Rogaland. Då trengst det meir straum enn normalt for å halda varmen.

Fredrik Refvem
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Dersom du i nitida onsdag morgon var i eit rom med behageleg innetemperatur i Sør-Rogaland, har du bidrege til ein ny rekord.

– Me har aldri før hatt så høgt straumforbruk i Sør-Rogaland som i dag, seier Håvard Tamburstuen, administrerande direktør i Lyse Elnett.

Då toppen blei nådd, brukte innbyggarane til saman 1294,4 megawatt straum. Dette svarer til energien som går med til nesten 1,3 millionar omnar på 1000 watt kvar.

Tamburstuen gjev kulda skulda for det høge forbruket.

– Me trur forbruket ville ha vore endå høgare om det ikkje hadde vore for korona. No er det ein del næringsbygg, for eksempel hotell, som ikkje er like oppvarma som vanleg.

Les på E24+

32-åring fekk toppjobb hos ny kraftkjempe

Nettet nær tolegrensa

Rekorden er ikkje høgare enn at straumnettet taklar det.

– Men i nokon område nærmar me oss ei grense. Om me når grensa, har me nokon moglegheiter til å ruta om straumen for å unngå utkopling.

Tamburstuen oppfordrar elbil-eigarar til å lada bilane utanom dei mest belasta tidspunkta.

– Det er typisk høgast belastning på nettet mellom klokka åtte og ni om morgonen, og når folk kjem heim frå jobb om ettermiddagen. Med stor etterspørsel, blir prisane også høge.

Mykje vasskraft

Også systema til Statnett har registrert at regionen har brukt mykje straum.

– Men det er ikkje sett forbruksrekord nasjonalt. Ein slik rekord blei sett formiddagen 4. februar, seier kommunikasjonssjef Christer Gilje.

Det er også sett produksjonsrekordar den siste tida.

– Me gjekk inn i året med rekordmykje vatn i magasina. I prisområdet Sør-Norge, som Stavanger er ein del av, har det i det siste vore kraftoverskot, fortel Gilje.

På Austlandet er det derimot ikkje overskot.

– Særleg på morgonen i dag var det ein del import frå Danmark. Svenskane har endå større behov for straum enn oss for tida, seier Gilje.

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Strøm
  3. Kulde
  4. Lyse

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Bremsekloss i det grøne skiftet: Næringslivet må venta i årevis på straum

  2. Betalt innhold

    Tina Bru si høgre hand: – Føler eg er med i ein ny episode av Lykkeland

  3. Energibransjen i Rogaland må kjempa om slike som Martine

  4. Det grøne skiftet kan gje høgare nettleige

  5. Ny industri står i kø for å få straum, og så set regjeringa ned eit utval!?