Fire oljeselskap får miljøkritikk etter tilsyn

Oljeselskap får kritikk for å ikkje ha gode nok system til å oppdaga utslepp frå installasjonar under vatn.

Bildet er frå Valhall-feltet der Aker BP er operatør. Aker BP er eitt av selskapa som får kritikk av styresmaktene.

Jon Ingemundsen
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Operatørane Aker BP, Equinor, Vår Energi og Neptune Energy får alle kritikk etter at Miljødirektoratet og Petroleumstilsynet i fjor gjennomførte eit felles tilsyn.

Målet med tilsynet var å sjekka kor gode rutinar og utstyr selskapa har for å oppdaga lekkasjar av olje, gass og kjemikaliar frå innretningar som er plasserte under vatn på norsk sokkel.

Desse innretningane, der brønnar og røyr er kopla saman, kan ligga fleire kilometer frå der folk jobbar. Og nokon av dei ligg langt nede i havdjupet. Dette kan gjera det vanskeleg å oppdaga forureining.

Ser alvorleg på avvik

Miljødirektoratet og Petroleumstilsynet ser alvorleg på avvika som blei oppdaga under tilsynet. Det gjekk fram at operatørane manglar tilstrekkelege system for å oppdaga mindre utslepp som kan utvikla seg til akutt forureining.

I dag baserer operatørane seg i stor grad på at oljelekkasjar vil bli synlege for radarar og satellittar når utsleppet stig til overflata. I tillegg kjem trykksensorar og volummålingar som kan gje informasjon om utslepp.

Styresmaktene har bede selskapa om å retta opp i avvika.

Bransjen jobbar samla

– Bransjen arbeider aktivt for å få ned utsleppa frå norsk sokkel. Dette er ei industriutfordring som me må jobba saman om å løysa, seier Valborg Øverland Birkenes, fagsjef for miljø hos Norsk olje og gass.

Fem selskap var med i tilsynet, og fire av desse har mottatt rapport så langt.

–Selskapa går no grundig gjennom rapportane og vil gje tilbakemelding til styresmaktene innan fristen 1. april, fortel Birkenes.

Publisert:

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Petroleumstilsynet
  3. Miljødirektoratet
  4. Aker BP
  5. Equinor
  6. Neptune Energy
  7. Norsk olje og gass

Flere artikler

  1. Equinor-elektrikar fekk brannskade. No er granskinga fullført

  2. Tilsynssjefen bekymret for gassanlegg på land

  3. Petroleumstilsynet gir Seadrill to pålegg etter «alvorlige» regelbrudd

  4. Equinor får enda mer kritikk på Mongstad

  5. Ptil fant alvorlig regelbrudd på Goliat-plattformen