Aker BP forlenger kontrakt med helikopterselskap

Bristow har gått i minus i fleire år. Avtalen med Aker BP bidrar til langsiktig stabilitet.

Bristow flyr med helikoptertypen Sikorsky S-92A
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert:

Helikopterselskapet Bristow har forlenga kontrakten med Aker BP i Norge. Dette betyr at dei skal halda fram med å frakta personell frå hovudbasen sin på Sola og ut til Aker BP-installasjonane i Nordsjøen. Bristow har vore leverandør til Aker BP (tidlegare BP Norge) i meir enn 15 år, ifølgje ei pressemelding frå selskapet.

Heidi Wulff Heimark, dagleg leiar for Bristow Norway AS, fortel at kontraktsforlenginga vil gje langsiktig stabilitet for selskapet. Kontrakten gjeld til og med august 2024 og inneheld ein opsjon på å forlenga kontrakten med eitt år.

Bristow Norway har hatt raude tal seks av dei sju siste åra. Berre i 2017 var resultatet positivt. I 2020 blei resultatet deira før skatt 24,8 millionar kroner i minus.

Då Aftenbladet/E24 snakka med Heimark i november i fjor, sa ho at resultatet ikkje er overraskande. Ho karakteriserte helikopterverksemd på norsk sokkel som ein krevjande bransje. Men ho viste også til at tapet er redusert, og at trenden går i riktig retning. Den viktigaste årsaka til problema, er etterdønningane etter oljekrisa.

Bristow Norway har rundt 55 prosent av den norske marknaden. Dei har langsiktige kontraktar med Equinor, ConocoPhillips, Repsol Norge, Vår Energi, Lundin Norway, Neptune Energy, Wintershall Dea og Shell Norge.

Les også

Nytt år i minus for selskap som frakter oljearbeidere

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. Bristow Norway
  2. Bristow
  3. Aker BP
  4. helikopter
  5. AftenbladetE24
  6. Oljeprisen

Flere artikler

  1. Unngikk helikopterstreik på overtid

  2. Nødlandingen i Nordsjøen: - Skal selvfølgelig ikke skje

  3. Enighet på overtid avverger streik blant helikopterpiloter i Nordsjøen

  4. Oljeselskap tar over 60 Mærsk-ansatte

  5. Aker Offshore Wind tjener fortsatt ikke penger