Ny omsettingsrekord for IKM

Oljeskattepakka bidrog til det Ståle Kyllingstad kallar eit veldig bra resultat.

Ståle Kyllingstad gliste då han tidlegare denne månaden presenterte ei teknologis nyvinning hos IKM Subsea.
Publisert: Publisert:

– Resultatet blei veldig bra, seier Kyllingstad til Aftenbladet/E24.

IKM Gruppen til jærbuen Ståle Kyllingstad sat i fjor att med eit resultat på 289,4 millionar kroner før skatt, melder Dagens Næringsliv. Dette er ei positiv endring på 96,1 prosent sidan 2020, då resultatet blei 147,6 millionar kroner.

Kyllingstad var førebudd på at det skulle gå godt i år.

– Me klarte for ein gongs skuld å levera på planane me hadde lagt for året. Eg føler elles alltid at det noko som ikkje går etter planen.

Omsettinga var på heile 4,3 milliardar kroner, opp frå 3,5 milliardar kroner året før. Dette er ny omsettingsrekord.

Skattepakka

Oljeskattepakka var ein viktig grunn til at det gjekk bra for oljeservice-konsernet. Denne pakka blei laga for å hjelpa oljeindustrien gjennom pandemien.

Denne bidrog til at det gjekk bra for IKM-konsernet.

– Aktivitetspakka gav utteljing i 2021, og vil gjera det i 2022 og 2023 også, seier Kyllingstad.

Kyllingstad meiner også at konsernet fekk betalt for å ha satsa på å rekruttera arbeidskraft nasjonalt. Dermed blei ikkje konsernet like hardt ramma som ein del andre av innreierestriksjonar.

– Langt under fem prosent av arbeidskrafta vår er importert, seier Kyllingstad.

Konsernet har rett under 3000 tilsette.

Les på E24+

Ein elektrisk arm får IKM-sjefen til å glisa

Ventar gode år

Høge gassprisar bidrar til at det går godt i norsk olje og gass for tida. Sist veke kommenterte Kyllingstad Equinors rekordresultat i Aftenbladet/E24.

Kyllingstad viste til at industrien som IKM tilhøyrer, jobbar med oppdrag som blei inngått i perioden mellom 2018 til 2020. Dermed er prisane låste til det dei var før gassprisen skaut i vêret.

– Pengane til oljeselskapa kjem ikkje oss til gode, med mindre dei investerer dei i marknaden, sa Kyllingstad.

På grunn av oljeskattepakka er det også venta høg aktivitet på norsk sokkel dei komande åra.

Dette gjer at Kyllingstad ser for seg gode tider for industrien, i alle fall «fire gode år». Men han fryktar at auka aktivitet på sokkelen også kan føra til kostnadspress.

Les på E24+

Derfor kan 2023 bli et historisk toppår for Olje-Norge

Les også

Ståle Kyllingstad: – Oljesjefene ler hele veien til banken

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om