Nordic Edge: Stavanger vil testa persondrone i 2023

Ein drone som kan koma til å bli brukt innan akuttmedisin, er blant det ein finn på Smartby-konferansen Nordic Edge.

Stig Idsal frå Ehang Scandinavia monterer propellane på dronen som er meint for persontransport.
  • Kristine M. Stensland (Stavanger Aftenblad)
Publisert: Publisert:

Ei framtid der det er ein flygande drone som kjem i staden for ein ambulanse med fire hjul. Kan me sjå føre oss det?

«It’s tomorrow», det er i morgon. Dette er slagordet til årets Nordic Edge-konferanse i Stavanger sentrum denne veka. Nordic Edge er ein ideell organisasjon som jobbar saman med selskap, byar og kommunar for å bidra til smartare lokalsamfunn.

Onsdagen er temaet «on the move», på farten. Og her er blant anna dronar tema. Dette er synleg i bybildet. Ein persondrone frå Ehang Scandinavia er plassert på torget.

For å presisera: Ein persondrone er ein drone med plass til ein person. Science fiction-draumen rykka med eitt eit steg nærare kvardagen.

– Flyr ikkje før alt er på stell

Bak Ehang Scandinavia står Steinar Normann Bjugn og Jan Petter Kamark. Stig Idsal er operativ leiar i selskapet.

– Både Steinar og eg kjem frå oljebransjen. Då me jobba der, henta me kunnskap om tryggleikskultur frå luftfartsbransjen. No går me tilbake til luftfart for å innføra ei ny grein der, seier Idsal.

Sjølv vil ikkje Idsal bruka drone-ordet. Han meiner ein fort ser føre seg små dronar når ein bruker det.

– I regelverk bruker ein konsekvent omgrepet ubemanna luftfartøy.

Idsal har så langt ikkje vore passasjer i eit ubemanna luftfartøy.

– Men det me skal visa fram, er blitt testa med personar i Austerrike. No ventar me på regelverk som gjer at me kan fly andre stadar i Europa. Då skal me fly fyrst i Stavanger. Men eg flyr ikkje før alt er på stell. Tryggleiken er fyrste mantra i alt som har med luftfart å gjera.

Ehang-konseptet kjem frå Kina.

– I Kina flyr dei, så me haustar av erfaringa dei bygger opp der.

Flytur i 2023

Ehang Scandinavia sine dronar er sentrale i EU-prosjektet AirMour. Målet med AirMour er å finna ut korleis ein kan bruka dronar i akuttmedisinsk teneste, både til transport av materiell og personar.

Fyrste test blir i Stavanger, før dronane også skal fly i Helsinki og Nord-Hessen.

– Stavanger kommune er med på dette fordi me veit det er noko som kjem, seier Terje Rygh, rådgjevar i Smartby-avdelinga i kommunen.

Han håper dronar vil gjera det mogleg å utføra akuttmedisinske tenester billigare, betre og meir berekraftig enn i dag.

– Dronar er ikkje avhengige av vegstruktur og lar seg ikkje stoppa av stengde tunnelar.

Tryggleik er, naturleg nok, ein svært viktig faktor i forskingsprosjektet.

– Me skal testa og ta lærdom. Utfordringa er at ein må få på plass sertifisering og eit regelverk. Dette er droneoperatørane og EU i gang med, seier Rygh.

Dei fyrste dronane skal ifølgje planen fly i Stavanger i 2023.

– Kanskje blir det med ei dukke i staden for ein person i fyrste omgang, seier Rygh.

Dei fyrste persondronane skal ifølgje planen fly i Stavanger i 2023.

Smart-torget

Fornybar energi og byutvikling er også tema på programmet til Nordic Edge.

– Me fyller seks torgbuer med masse innhald, seier Elen H. Langvik, som er rådgjevar i Smartby-avdelinga til Stavanger kommune.

Klimateknologi, kunst og kortreist mat er noko av det ein kan finna i buene. Alt under merkelappen Smartby.

– Kva betyr det at Stavanger vil vera ein Smartby?

– Dei tre grunnsteinane er samarbeid, teknologi og innbyggarinvolvering. Me opplever at det er ein del mystikk rundt Smartby, og me håper at me gjennom utstillinga kan gjera det meir tilgjengeleg, seier Langvik.

Nordic Edge-utstillinga til kommunen pleier å vera innandørs i Expo-hallen. Men i år tar dei utstillinga dit folk er.

– Me har ei eiga bod for innbyggarinvolvering. Der ønsker me innspel til ulike prosjekt. Behova til innbyggarane står i fokus for alt arbeidet me gjer i Smartby Stavanger.

Publisert:
Gå til e24.no

Her kan du lese mer om

  1. AftenbladetE24
  2. Smartby
  3. Droner
  4. Stavanger sentrum
  5. droner
  6. Byutvikling
  7. Teknologi

Flere artikler

  1. Betalt innhold

    Veit ikkje kor mykje klimavenlege byggeplassar vil kosta kommunen

  2. Betalt innhold

    Trass konkurskrav har Miris framleis tru på datatårnet på Bryne

  3. UiS-toppar i klimautval: – Reduksjon av oljeproduksjon er nest best

  4. Vil snu opp-ned på verdenshandelen

  5. Altibox satser nå trådløst, kjøper 5G-frekvenser for 724 millioner